Muärrkejávvre

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Muorrkejávvre»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Muärrkejávvre
Basisopplysninger
Areal: 5,94
Høyde: 712

Muärrkejávvre (pitesamisk) eller Muorkkejávrre (lulesamisk), kalla Eidevatnetnorsk, er eit vatn rett søraust for Låmejávvre (Låmivatnet) i Fauske kommune i Salten. På kart er namnet ofte skrive som nordsamisk Muotkejávri. Namnet kjem av pitesamisk muäŧŧkē/muärrkē (‘eid, drageid’) , og jávvrē (‘vatn, innsjø’). Namnet kjem trulig av at det er eit langt og smalt eid som skil Muärrkejávvre frå nabovatnet Låmejávvre i nordvest. Langs sørvestbredda av Muärrkejávvre ligg fjellet Vássjávárre, med toppen Vássjátjåhkkå i vest. Langs nordaustbredda ligg fjellet Lájjrovárre, med toppen Lájjro (1135 moh.) rett over grensa til Arjeplogs kommun i Sverige i aust. Ved den sørlegaste vika av vatnet ligg den ubetente turisthytta Muorkihytta (el. Muotkehytta), og rett austom der att er det eit smalt eid mellom Muorrkejávvre og den litle tjørna Luoppal som ligg på riksgrensa. Forbi Muorkihytta og Luoppal går det merkt stig ned imot Pieskehaure og langsmed vatnet austover, så vel som sørover til Mávas.

Skrivemåtar

Samisk

  • Muor’kē-jaw’rē (Qvigstad, Just. De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Utg. Aschehoug. Oslo. 1938. Digital versjonNettbiblioteket..)
  • Muotkijávri (Statens Kartverk (reg. som historisk namn 1987))
  • Muorkkejávrre (Statens Kartverk (1987))

Norsk

  • Eidevatnet (Statens Kartverk, godkjent 1980)

Sjå òg

Lenkjer