Målstove
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ei målstove var i norrøn tid og i mellomalderen ein sal som vart nytta til samtaler. Slike salar nemnast i sagalitteraturen, mellom anna i samband med drapet på Einar Tambarskjelve, då Harald Hardråde fekk Einar inn i målstova si og hogg ned både han og sonen Eindride Einarsson. Det var vanleg at både verdslege og geistlege stormenn hadde målstove.
I nyare tid har omgrepet vore nytta om møtesalar og liknande, mellom anna om salen «Målstova» på Nasjonalbiblioteket.
Litteratur og kjelder
- «målstove» i Norsk Ordbok..
- Sturluson, Snorri: Kongesoger. 3 : Frå Magnus den Gode til Magnus Erlingsson. Utg. Samlaget. 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket.