Mårdalen (Tinn gnr 52)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mårdalen | |
---|---|
Det freda loftet frå 1613 på Sud Mårdalen. Foto: Johan Meyer
| |
Alt. namn: | Maardalen, Mordalen |
Sokn: | Atrå |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Tinn |
Gnr.: | 52 |
Mårdalen er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. Gardsnamnet kjem av elva Mår, til liks med Mårheim.
Garden var alt på 1500-talet delt i to bruk, Nord Mårdalen og Sud Mårdalen. På denne tida låg båe bruka under Flåten. I Tinn soga (s. 257) skriv Halvor H. Einung at det var «desse rike biksane på Flåten» som hadde Mårdalen. På 1600-talet var dei to bruka på Mårdalen underbruk under Berge.
Bruk
- Nord Mårdalen (bnr. 1)
- Sud Mårdalen (bnr. 2)
- Steinsbøle (bnr. 3)
Kjelder
- Einung, Halvor H.: Tinn soga. B. 2. Rjukan. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 257-261.
- Mordalen Nordre i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet
- Mordalen Syndre i folketeljinga 1801 for Tinn prestegjeld frå Digitalarkivet