Flåten (Tinn gnr 57)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåten
Alt. namn: Flaaten
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 57

Flåten er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. Det opphavelege gardsnamnet var Gauteset (Gauset), av mannsnamnet Gaute og seter, som har gjeve namn til Gausetbygdi. Frå 1662 nyttast namnet Flåten i skriftlege kjelder. Dette kjem av flate.

I Tinn soga (s. 257) skriv Halvor H. Einung at Gauset/Flåten var «ein storgard som mange av dei andre gardane er skilde ut i frå». På slutten av 1400-talet samla Gunnar Gauteset mykje odelsgods, og dette vart seinare overført til sonen Vetle. Under ei arvesak i 1602 kom det fram at godset besto av heile 22 markebol, og femna gardane øvre Bernås, Flåten, Ormsjorden, Skårberg, Mårdalen, Mølid, Bakka, Rui, Grønskei, Nørstegard, og Gjeiskeli.

Alt i 1574 var det to Gauset-gardar, og seinare vart det langt fleire. Av desse var Jon Gausets gard den største; Jon er nemnd som brukar 1620-35.

Ein del av Holte var opphaveleg husmannsplass under Flåten.

Bruk

  • Sud Flåten (bnr. 1 og 2), det gamle hovudbølet.
  • Nord Flåten (bnr. 3)
  • Holte (bnr. 4)

Kjelder


Koordinater: 60.0412817° N 8.7408305° Ø