Holte (Tinn gnr 57/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holte
Stad: Gausetbygde
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 57
Bnr: 4

Holte er eit gardsbruk i Gausetbygde i Tinn. Det har opphav som husmannsplass, truleg som to plassar under Flåta og Skårberg.

Første gongen det nemnast ein husmannsplass under Flåta er i 1730, men ein veit ikkje om dette var Holte. I et skifte frå 1787 vert Holte under Nørstegaard nemnd, og dette kan vere Holte under Skårberg. I åra som følgjer vert både Holte under Flåta og Holte under Skårberg nemnd.

I folketeljinga 1801 er det ein husmannsplass under Flåta, og det må vere Holte. Ein kan følgje husmenn på plassen vidare gjennom 1800-talet, inntil 1892 då numedølen Halvor Toresson fekk skøyte på plassen.

Husmenn / brukarar

  • Hellek Andersson (f. omkr. 1725), husmann under Flåta i 1801.
gift med Liv Greggardsdotter (f. omkr. 1741). Born ein kjenner:
  • Gro Helleksdotter (f. omkr. 1771), gift med Truls Jonsson Mårheim.
  • Gunhild Helleksdotter (f. omkr. 1783).
  • Halvor Olson, festbrev frå Skårberg 1802.
gift med Aslaug Torkjellsdotter. Born ein kjenner:
  • Margit Halvorsdotter, gift 1816 med Gunnulv Larsson Øye.
  • Øystein Halvorsson Holte.
  • Kjetil Høljesson Skrindebakke (d. 1852), festebrev frå Skårberg 1821.
gift med Tore Torjusdotter/Tovsdotter. Til Rauland. Born ein kjenner:
  • Jon Torbjørnsson, frå Bergelie. På Holte etter 1852. Born ein kjenner:
  • Lisbet Jonsdotter, gift 1863 med Torgeir Knutsson Åsen.
  • Jon Sveinsson (f. omkr. 1793), husmann på Holte under Flåta etter 1852. På Holte ved folketeljinga 1865.
gift med Ågot Jonsdotter (f. omkr. 1802). Born ein kjenner:
  • Gunhild Jonsdotter (f. omkr. 1840).
gift med Aslaug Olsdotter Velta (f. 1851) frå Høgelid. Born ein kjenner:
  • Astrid Halvorsdotter (1872-1952), gift med Alv Jonsson Plassen. Emigrerte til USA.
  • Ola Halvorsson (1874-1955), gift med Astrid Tollevsdotter Bakken frå Numedal.
  • Tore Halvorsson (1874.1955), gift med Johanne Valhøiden frå Østfold.
  • Tov Halvorsson (1875-1970). Neste brukar.
  • Aslaug Halvorsdotter (1879-1913).
  • Anne Halvorsdotter (1881–1905).
  • Halvor Halvorsson (1884-1967), gift med Gro Sveinsdotter Velta.
  • Gjertrud Halvorsdotter (1886-1916), gift med Torstein Gulliksson Strenge frå Sandsvær.
  • Birgit Halvorsdotter (1889-1978), gift med Rolf Bratlie Christensen frå Notodden.
  • Svein Halvorsson (1891-1976), gift med Kari Larsdotter Kultan frå .
  • Tov Halvorsson, kjøpte Holte i 1914.
gift med Lisbeth Persdotter Midtgarden. (1880-1950). Born ein kjenner:
  • Aslaug Tovsdotter (f. 1905).
  • Margit Tovsdotter (f. 1907).
  • Halvor Tovsson (f. 1910).

Kjelder

Koordinater: 60.05767718° N 8.73526436° Ø