Skårberg (Tinn gnr 54)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skårberg
Skårberg vestre, Atrå, Telemark - Riksantikvaren-T168 01 0021.jpg
Foto: Johan Meyer
Alt. namn: Skaarberg
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 54

Skårberg er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 257) syner Halvor H. Einung til Olai Skulerud, som meiner at gardsnamnet kjem av skor, «avsats i eit berg, liti flate under eit bratt fjell».

På 1500-talet var Skårberg ein av dei mange gardane i Atrå som velstandsfolket på Flåten åtte. Den fyrste brukaren på Skårberg som er nemnd i skriftlege kjelder, heitte Ledvord (Leiulv). Han var på garden i 1625.

I 1806 vart Skårberg delt i to bruk, men desse vart i fleire år drevne som ein gard. Fyrst i 1830 vart delinga i Nord og Sud Skårberg varig.

Ein del av Holte var opphaveleg husmannsplass under Skårberg.

Bruk

  • Nord Skårberg (bnr. 1?)
  • Sud Skårberg (bnr. 2?)
  • Såler (bnr. 3) , ein øydegard som vart underbruk under Skårberg.
  • Uleflåte (bnr. 4), opphaveleg husmannsheim.

Kjelder

Galleri


Koordinater: 60.0643726° N 8.7194152° Ø