NEG 138 Påske

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG 138»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Påskekylling laget i tredje klasse 1970. Frivoll skole, Grimstad
Foto: Jarl V. Erichsen

NEG 138 Påske er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1982 med tittel Påske. Utsendar var Anne Moestue.

Introduksjon til spørjelista

For 30 år siden sende NEG ut ei spørjeliste der vi mellom anna bad medarbeidarane våre om å gjere greie for matskikkar i samband med påskehelga.

Når vi no sender ut ei liste om påske er det avdi påska i dag har blitt ei høgtid med mange sider. Først og fremst er det ei av dei store religiøse høgtidene, og for mange er det særleg tankane kring Bibelens påskebodskap som særmerker denne helga. Men i tillegg til dette spelar påska for mange ei viktig rolle som ferie- og rekreasjonstid. ”Fjellpåska”, slik den blir framstilt i media, med kvite vidder, ski, sol og brune fjes, tykkjest nærmast å vere idealet for mange. Men ferieundersøkingane til Statistisk sentralbyrå frå dei siste åra syner at slett ikkje alle dreg til fjells. Mange reiser andre stader, og tre firedelar av alle nordmenn blir heime i påska.

Med denne spørjelista vil vi prøve å få fram korleis folk ser på påska, og kva tankar dei har om høgtida. Det er òg viktig for å få vite korleis påskefeiringa har skift karakter dei seinaste tiåra. Det er vanskeleg å stille detaljerte og konkrete spørsmål om fleire av dei forhold som vi gjerne vil ha kunnskap om, og derfor må vi be deg svare på kvart spørsmål så utførleg og detaljert som du kan. Dersom du les gjennom heile lista før du gir deg til å svare, vil du få betre kunnskap om kva som er formålet med dei einskilde spørsmåla.

Brukt i publikasjonar

  • Nordby, Guro (red.): Høgtider i året og livet : tradisjonar i Telemark.. Utg. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skjelbred, Ann Helene Bolstad: Mat i arkivskuffene. I: Museumsbulletinen 49. Utg. 2006, s. 11-13.

Sjå også

Eksterne lenker

  • Påske (ekstern lenke til spørjelista)