NEG 141 Amatørrevyar og revyviser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Berg som skrønemakeren Martin Kvænnavika.
Foto: Foreningen Gamle Steinkjer

NEG 141 Amatørrevyar og revyviser er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 198 med tittel Amatørrevyar og revyviser. Utsendar var Velle Nils Espeland ved Norsk Visearkiv.

Introduksjon til spørjelista

Denne spørjelista er komen i stand ved eit samarbeid mellom Visearkivet og Norsk etnologisk gransking (NEG). I denne samanhengen er Visearkivets hovudinteresse ved revyvisene, medan NEGs hovudinteresse er ved revyteater-verksemda. Derfor er lista delt i to. Opplysningar om revyen og revyteater-verksemda vil NEG ta vare på. Dei viser som kjem inn ved svar på lista, vil bli katalogisert, ordna og oppbevart ved Visearkivet, slik at alle viseinteresserte kan finne dei att.

Spørsmåla er meint som ei rettleiing. Kjenn deg ikkje for bunden av dei dersom du heller vil skrive fritt i samanhengande tekst. Vi rår deg til å lese gjennom heile spørjelista før du tar til å skrive.

Alle bilete, tekster, avisutklipp og lydband som vert sende til oss vil bli kopierte for vår rekning og returnerte dersom det er ønskjeleg. Notér sist i svaret ditt dersom det er noko du vil ha i retur.

Sjå også

Eksterne lenker