NEG 250 Pleie av kroppen - personleg hygiene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 250 Pleie av kroppen - personleg hygiene er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2014 med tittel Pleie av kroppen - personleg hygiene. Utsendar var Line Grønstad.

Denne spørjelista har samanheng med NEG 169 Personlig hygiene i eldre tid.

Introduksjon til spørjelista

PLEIE AV KROPPEN – PERSONLEG HYGIENE

Den som svarar på lista er samd i at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskarar i dag og i framtida. Brukarar av materialet pliktar å verne integriteten til opphavspersonen og eventuelt andre personar skildra i svara.

I 1994 spurde vi om korleis folk stelte seg tidlegare. Vi fekk inn lange og detaljerte svar om kva og kvifor ein vaska seg, raka skjegget, stelte håret og innreidde bustaden for å få stelt seg på 1920-talet og frametter. Mange som svara hadde levd ei stund, og skildra barndommen sin. No spør vi om korleis du steller deg i dag.

Skriv gjerne lange og detaljerte svar! Hugs, du treng ikkje svare på alt, hopp over spørsmål du ikkje kan eller ønskjer å svare på.

For NEG er det innhaldet og ikkje rettskrivinga som er viktig. Svar på det målføret du ønskjer. Det er dine opplevingar og minner vi vil høyre om. Les gjerne gjennom alle spørsmåla i undersøkinga før du byrjar å svare. Send oss svaret i posten eller bruk e-postadressa øvst.

Brukt i publikasjonar

  • Gløtberget, Mari Ringnes Betydningsfulle baderom. En studie om materialitet og renslighetspraksis. Masteroppgave i Europeisk kultur UiO Oslo 2017
  • Refsum, Ingvild Baderomsfortellinger. Kjønnspraksiser gjennom kroppspleie. Masteroppgave kjønnstudier UiO Oslo 2018

Sjå også

Eksterne lenker