NEG 36 Helsing, fakter og åtferd
NEG 36 Helsing, fakter og åtferd, med tilleggsliste|NEG 36 Helsing, fakter og åtferd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1952 med tittel Helsing, fakter og åtferd. Det vart i 1953sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 36t Helsing, fakter og åtferd - tilleggsliste. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 36 Helsing, fakter og åtferd.
I 2008 sendte Norsk etnologisk gransking ut spørjeliste NEG 224 Hilse- og tiltaleformer som dokumenterer mange endringar i dette emnet sidan fyrste halvdel av 1900-talet.
Introduksjon til spørjelista
Folk helsar på kvarandre med ord og rørsler med hovudet, hendene og heile kropen. Det ein seier kan vere hovudsaka, men ofte kan ein skjøne meininga med helsingar og einfelde seiemåtar utan å få tak i orda, men berre ved å sjå rørslene. Heilt vanleg er det å uttrykkje ja og nei med ei kroppsrørsle. Skikk og bruk har òg på dette området endra seg mange stader. Vi ber derfor medarbeidarane, så snart det er mogeleg, å gjere merksam på om ein skikk ikkje lenger er levande i bygda, når han gjekk av bruk, og når det kom noko nytt. Dersom medarbeidarane finn at vi har gløymt noko i emnelista som dei meiner høyrer med i denne samanhengen, ber vi dei å ta det med.
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
Emne: Helsing, fakter og åtferd (ekstern lenke til spørjelista)