NEG 40 Kvae

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 40 Kvae er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Ymse bruk av kvae. Utsendar var Einar Stoltenberg

Introduksjon til spørjelista

Det var kvae av gran ein helst kunne gjera seg nytte av. Grankvaen kan berre laga seg i barken, helst innmed sår, men av og til kan sjuke tre setja ut kvae endå borken er heil. Oftast er grankvaen ei blanding av fleire emne. Som ny er han seig og klebrig, og vil ein freista å tyggja han, heng han fast i tennene. De er dette som vanlegvis vert kalla rennekvae eller harpeis. Under serskilde vilkår vantar kvaen nokre av desse emna, så kan han vera plastisk og ikkje klebrig og heng ikkje fast i tennene. Det er dette som er go’kvae. Go’kvaen er helst å sjå som avlange eller kulerunde dråpar. Som heilt unge kan dei vere klebrige, dei med. Når dei ikkje er for gamle, er dei klåre og vakkert gule av lét.

Ein sjeldan gong kan ein inne i veden finna små rom fylt av flytande kvae; det er løyndekvae.

Kvaetygginga var heller vanleg i gamal tid. Mange hadde kvaetugga i munnen frå morgon til kveld. Når dei skulle eta, sette dei henne frå seg, t.d. på ein vesteknapp. Sume kunne få det til å smella i kvaen under tygginga. Kvaetugga kunne gå frå munn til munn, helst mellom gut og gjente. Det var mange stølsgjenter som sanka go’kvae så dei hadde noko å kosa seg med når dei fekk vitjing av kjærasten til helga.

Men det var også dei som meinte at kvaetygging ikkje var helsesam. Ein kunne få tæring av det.

Sjå også

Eksterne lenker

Emne: Kvae (ekstern lenke til spørjelista)