NEG 48 Grenser og grensemerke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grensestein sør for Gopledalsbukta i Hedrum, Larvik.
Foto: Arnstein Rønning

NEG 48 Grenser og grensemerke er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Grenser og grensemerke mellom eigedomar. Utsendar var Knut Robberstad.

Introduksjon til spørjelista

Med denne lista vil vi freista å få greie på dei nemningane (”benevnelsene”) som bygdemålet frå gamalt nytta om grenser og grensemerke mellom eigedomar, og stadnamn som knyter seg til dei. Medarbeidaren tek berre med nemningar som fanst i bygdemålet i den eldste tida og ser bort frå andre ord som kan ha kome inn i bygdemålet frå normalspråket; dei fleste stader i landet er vel ordet ”grense” ei slik nemning som har kome inn i bygdemålet i seinare tid. Det er viktig at nemningane og namna vert skrivne så nær opp til uttalen i bygdemålet som mogeleg, men medarbeidaren skal ikkje nytta lydskrift. Nemningane bør verta oppgjevne både i bunden og ubunden form, slik at det går fram kva kjønn ordet hadde. Nemningane bør setjast i hermeteikn.

Sjå også

Eksterne lenker