NEG S12 Norsk-svensk handel
NEG S12 Norsk-svensk handel er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1958 med tittel Norsk-svensk handel. Utsendar var Lily Weiser-Aall og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.
Introduksjon til spørjelista
Nordiska Museet i Stockholm har gjennom ei spørjeliste (Specialfråga nr. 35) freista få nærare kjennskap til den handelen som norske handelsmenn og handverkarar har drive i Sverige og omvendt. Vi sender Dykk hermed denne lista på norsk, fordi vi meiner det er bryet verdt å få kjennskap til den tradisjonen som ennå finnst på norsk side om denne handelen over grensa.
1. Kjenner De frå Dykkar bygd ting (reidskap, husbunad og lignende) som De veit eller trur er komne frå Sverige? (Vi tenkjer her ikkje på moderne industri-produkt som Volvo-bilar og Husquarna symaskinar.)
2. Kjenner De til at svenske handelsmenn (skreppekarar) eller handverkarar har selt eller produsert varer på norsk område?
3. Er det tradisjon om at norske handverkarar drog til Sverige, og kva gjorde dei i tilfelle der?
4. Drog norske handelsmenn (skreppekarar, kramkarar) til Sverige?
5. Kva for bygder eller marknadsplassar drog dei til og kva slag varer hadde dei med?
6. Kva tok dei med heimatt?
Sjå også
- Fullstendig register over spørrelistene NEG har sendt ut mellom 1946 og 2016.
Eksterne lenker
- Norsk-svensk handel (ekstern lenke til spørjelista)