Ner-Hole Museum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Våningahuset på Ner-Hole, framsida.
Foto: Arnfinn Kjelland

Ner-Hole Museum ligg i grenda Romsdalshorn i Rauma kommune. Det vart etablert ved at Grytten Heimbygdslag kjøpte tunet og noko jord av garden Ner-Hole gardsnr 18 bruksnr 2. Museumseigedomen fekk gardsnr 18 bruksnr 8.

Det som er særprega med museet er våningshuset, som er bygd i to etasjar av stein sett i leire. Det er truleg bygd ein gong mellom 1804 og 1815, ifølgje ein sterk lokal tradisjon av Ole Amundsson frå Flatmark f. 1778, d. 1816 på Kabben i Brøstdalen. Ytterveggane er heile 75 cm tjukke og kalka utvendig. Innvendig er huset delt med to steinveggar slik at det har tre seksjonar. Over murane er det tømra to omfar, og gavlane er òg i tømmer. Taket er eit sperretak med mønsås, men utan sideåsar.

Første etasje har kårstugu i søre enden, gang og kjøken i midten og daglegstugu og kammers i nordenden. I andreetasjen ligg skulesalen i sørenden, gang og kammers midt på og ein storsal som tidlegare var oppdelt i kammers i nordenden.

Det var skule i hovudhuset på Ner-Hole truleg frå 1860- eller 1870-åra fram til kretsen fekk eige skulehus i 1907. Dei gamle skulepultane står framleis på museet.

Frå 1874 finst det ei branntaksering:

«1. En Vaaningsbygning der er opført af Graasten, dog er de øverste 3/4 Alen af Bygningen ligsom ogsaa begge Bryst opført af tømmer og dækket med Never og Torv. Den er 31 1/2 Alen lang, 11 Alen dyb og 8 3/4 Alen høi, har 3 Døre hvoraf 1 dobbelt, 17 vinduer, 2 skorstenspiber og 1 Ovnspibe hvilken sidste dog kun gaar fra anden Etage og 2 Jernkakelovne. Murens Tykkelse 1 1/8 Alen. Bygningen er saaledes indredet: Underste Etage: 2 Stuer 1 Kammer 1 Kjøken og Gang med Trappegang tilo. Anden Etage hvori forefindes 2 Sale 1 Kammer og 1 Gang.»

Våningshuset vart taksert til 650 spesiedaler. I tillegg vart fjøset med låven taksert til 500 spd.

Fjøset var bygd i stein og stod i forlenginga av den låven som framleis står på museet. Det vart rive kring 1950, kort tid før tunet vart frådelt og seld som museum.

I 1923 vart våningshuset freda. Under andre verdskrigen okkuperte tyske soldatar huset, og heldt m.a. russiske fangar der.

Lenker

Kjelder

  • Jakobsen, Signy og Christ Allen Sylte 1997: Ner-Hole i Romsdalen. Særtykk frå Romsdalsmuseets årbok 1996 med supplerende artikkel av Christ Allan Sylte. Molde.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Ner-Hole museum på Digitalt museum.
  • Ner-Hole museum på KulturNav