Nesvegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2018).

NesvegenNes i Sauherad i Midt-Telemark kommune går søraustover frå Nesoddvegen og deler seg i fleire greiner i området kring Nes kyrkje. Han går i jordbruksland med mykje fruktdyrking.

Vegen har namn etter staden og blei namnsett i 2009.

Nr. 5 er Nes kyrkje, ei langkyrkje sett opp mellom år 1100 og 1150. Ho er vigd til apostlane Peter og Paulus. Vigslingsdagen (kyrmess) var 14. september, men året kjenner ein ikkje eksakt.

Eit gamalt sagn fortel at kyrkja fyrst vart tenkt bygd på Kyrkjehaug litt lenger nord. Stein og tømmer var alt køyrt fram, men natta før arbeidet skulle starte, var byggematerialene på ein merkeleg måte flytt ut til Neshaugen der kyrkja nå ligg. Ingen våga å endre på dette.

Kjelder


Koordinater: 59.37327° N 9.22004° Ø