Nils Landmark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Landmark (fødd 11. mars 1775 i Christiania, død 29. oktober 1859 i Fjaler) var sorenskrivar i Sunnfjord og stortingsmann. Han var son av Nils Svensson Landmark (1737–82) som er stamfar til den norske Landmark-slekta. Nils Svensson Landmark var son av ein svensk bergverkseigar og slo seg ned i Bergen som vevarmeister. Han døydde då sonen Nils var sju år gamal, og dei neste sju åra vart han oppfostra hjå bakarmeister Schiøberg i Kristiania, ein slektning av mora. Frå han var 16 år var Nils Landmark hjå Jens D. Stub, sorenskrivar i Nordfjord der storebroren Andreas Landmark alt var sorenskrivarfullmektig. Her var han kontorlærling på sorenskrivargarden Leikvin.

Med støtte frå Stub reiste Nils Landmark til København der han tok juridisk embetseksamen i 1797. Deretter var han sorenskrivarfullmektig for Stub i Nordfjord til han døydde i 1802 og deretter sorenskrivarfullmektig i Sunnfjord. Landmark hadde alt styrt embetet ei tid då han i 1808 vart utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han hadde like til han tok avskil i 1852, 77 år gamal.

I 1809 busette Landmark seg på garden Tysse i Ytre Holmedal (Fjaler). Han fakk bygd hovudhuset som framleis står på garden. Landmark arbeidde aktivt for å fremje landbruket og gjorde sin eigen gard til eit mønsterbruk. Han gjorde delar av garden til ein naturpark med alléar og hage ned mot fjorden, og på ei høgd ovanfor garden laga han ein park der han fekk høve til å skipe familiegravstaden Fredensborg.

Landmark var mellom dei fyrste i Sogn og Fjordane som dreiv med organisert skogplanting. Han dreiv òg med fruktdyrking og oppdyrking av myr. Gardsdagbøkene hans for åra 1813-1842 eksisterer framleis og er digitaliserte. I 1811 skipa Landmark Det Holmedalske Sogneselskab der han var formann til 1854. Selskapet arbeidde mellom anna for nydyrking, skogplanting og fruktavl. På garden sin på Tysse tok Landmark i fleire år imot bondegutar og gav dei opplæring i moderne jordbruksdrift. Kring Landmark vart det òg eit litterært miljø. Han skreiv dikt med romantisk tilsnitt og skipa Søndfjords læseselskab som fekk mykje å seie for den litterære påverknaden innan embetsfamiliane i Sunnfjord.

Nils Landmark var ein av dei kring 40 embetsmennene i Nordre Bergenhus amt i 1814. Han hadde ikkje noka rolle ved valet til riksforsamlinga, men var ein av valmennene frå Ytre Holmedal prestegjeld (Fjaler) i samband med valet til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814. Han var òg valmann frå prestegjeldet i 1817.

Ved det neste valet, i 1820, vart Landmark vald til stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt og møtte på det ordinære Stortinget i 1821 og det ekstraordinære i 1822. I 1821 var han sekretær i Stortinget og visesekretær i Odelstinget. Han var medlem av 15 komitear, formann i to av dei og sekretær i fem andre. Mellom anna var han formann i komiteen om utskiftingslova og sekretær i redaksjonskomiteen og i komiteane om tukthus i Nordlands amt, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet. På omframstortinget 1822 var han sekretær i både Stortinget og i redaksjonskomiteen, dessutan medlem av komiteen om skatterestansar og om slottsbygningen. Nils Landmark og broren Andreas Landmark, fut i Romsdal og stortingsmann, markerte seg som svært kongetru på Stortinget og støtta kong Karl Johan. Nils Landmark vart òg utnemnd til riddar av den svenske Nordstjerneordenen.

Nils Landmark gifte seg fyrst med Barbara Widing Heiberg (1779-1828), dotter av sokneprest Gabriel Heiberg i Gloppen. Han gifte seg andre gong med den 31 år yngre Christine Wilhelmine Lange (1806-1878), prestedotter frå Furnes i Hedmark. Landmark fekk 11 born i det fyrste ekteskapet og 4 i det andre, og ei rekkje av borna vart embetsmenn eller gifte med embetsmenn. To av sønene var Johan Theodor Landmark og Anthon Landmark.

Kjelder og litteratur