Nils Lyslo (1900–1959)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lærar og ordfører Nils Lyslo
Foto: Norske skulefolk, 1952

Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947. Han var ordførar i Borgund i 12 år[1] og hadde fleire andre verv.

Han var son av gardbrukar Anton Valdemarson Lyslo (f. 1859) og husmor Elisabet Andersdotter Lyslo (f. 1869).

Frå 1948 til 1951 var han så lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med saloggevær på skulen.

Lyslo flytte attende til Vestlandet og vart i 1952 lærar på Svardal skule og Høydalane skule i Bru. Han var gift med Kristine Bolset f. 1902 på Eide i Gloppen, død 1992.

Kjelder

Referansar

  1. Firdaposten 1959.12.11. Digital versjonNettbiblioteket.