Nomeland kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nomeland kyrkje | |
---|---|
Byggeår: | truleg 1100-talet |
Endringar: | truleg reve på 1500-talet |
Kyrkjegard: | Nomeland kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den katolske kirke |
Bispedøme: | Oslo |
Sokn: | Nomeland, no Valle og Hylestad |
Teknikk: | stavkirke |
Materiale: | tømmer |
Mål: | omkr. 10 x 7 m |
Anna informasjon: | Bevart tuft |
Nomeland kyrkje stod nær kommunesenteret Valle i Valle kommune. Ho vart truleg reist på 1100-talet, og vart reve på 1500-talet. Kyrkja skal ikkje ha vore nytta etter reformasjonen. Kyrkjetufta og spor etter kyrkjegarden er synlege i landskapet rett sør for eit industriområde på Nomeland.
Kyrkja sto i det nordaustre hjørnet av kyrkjegarden, og tufta er om lag ti ganger sju meter. Det var truleg ei stavkyrkje.
Kjelder
- Nomeland kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
- Larsen, Jan Henning: Førhistoria i Valle kommune, Setesdal. Nicolay skrifter 1. Oslo. 1981.