Nomeland kyrkjegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nomeland kyrkjegard i Valle kommune vart nytta i mellomalderen, truleg frå 1100-talet og fram til reformasjonen. Det er spor etter kyrkjegarden i landskapet ved eit industriområde på Nomeland. Kyrkjegarden var omlag 40 ganger 60 meter stor, og i det nordaustre hjørnet ligg tufta etter Nomeland kyrkje, truleg ei stavkyrkje som vart nytta i same periode.

På tomta finn ein fleire hol etter graving, og ein trur at dette kan vere spor etter gravplyndring. Det var heilt opp på 1800-talet skikken i Setesdal at ein vart gravlagd i bygdedrakt med sylvsmykker. I fleire av gravane er det steinheller, anten frå steinkister eller heller som har ligge over grava.

Ein finn også spor etter førkristne graver. Ei mannsgrav frå omkring 900 er funne, med sverd, ein pilspiss, tre beksel og eit bryne. Det er også funne andre gjenstandar frå vikingtida, som sigd, kniv, bryne og ringspenne. Den kristne kyrkjegarden har altså vorte etablert på ein eldre gravstad.

Kjelder

Koordinater: 59.21777° N 7.5347° Ø