Nordlands Ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordlands Ungdomslag vart skipa på eit ungdomsstemneNesna i 1901. Målet var at samskipnaden skulle samle alle "kristlege", "nasjonal-frilyndte" og "programlause" ungdomslag i Nord-Noreg. På det same stemnet i 1901 vart det oppretta tre krinsar: Hålogaland, Salten og Lofoten og Vesterålen. Det vart òg lagt planar for å skipe krinsar i Troms og Finnmark, men dette lot vente på seg.

På årsmøtet i 1903 fremja Hålogaland krins framlegg om å melde samskipnaden inn i Noregs Ungdomslag (NU), men då dei møtte motstand frå dei to andre krinsane valde Hålogaland krins å melde seg ut av Nordlands Ungdomslag. Dei melde seg samtidig inn i NU som Hålogaland Ungdomslag.

Både NU og Norges Kristelige Ungdomsforbund hadde begynt å vise store interesse for ungdomslaga i Nord-Noreg. I 1904 vart Tromsø kreds af Norges kristelige ungdomsforbund skipa, og i 1905 skipa dei frilynde ungdomslaga Tromsø Amts Ungdomsforbund og melde seg inn i Noregs Ungdomslag.

Salten krins valde på sitt årsmøte i 1905 å melde seg ut av Nordlands Ungdomslag og endra namn til Salten Ungdomslag, men melde seg ikkje inn i nokon landssamskipnad.

I 1905 organiserte dei kristne ungdomslaga i Lofoten og Vesterålen seg i eit eige krinslag av NKU, og på årsmøtet til Lofoten og Vesterålen krins av Nordlands Ungdomslag i 1906 vart det vedteke med 19 mot 16 røyster å melde krinsen inn i Noregs Ungdomslag som Lofoten og Vesterålen Ungdomslag. Med det vedtaket vart òg Nordlands Ungdomslag endeleg oppløyst, og avløyst av dei to store nasjonale landslaga for høvesvis frilynde og kristne ungdomslag.

Kjelder og litteratur