Nordvestlandet folkehøgskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordvestlandet folkehøgskole (tidl. Nordmøre ungdomsskule og Høgtun folkehøgskole) er ein folkehøgskule i GjemnesNordmøre. Den er i dag eigd av nordvestlandske krinsar av Normisjon, Norsk luthersk misjonssamband og Indremisjonsforbundet, og har ein internatkapasitet på 105 elevar. Skulen, som tok dagens namn i 2020, tilbyr linjefag innan idrett, friluftsliv og formingsfag. Skulen er knytt til Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole, IKF, som er fellesorganet for dei kristne folkehøgskulane i Norge.

Skulen vart oppretta som ein kristeleg ungdomsskole i 1917 og vart dreve som folkehøgskule frå 1949 då ungdomsskular, amtsskular (fylkesskular frå 1919) og frilynte folkehøgskular vart omfatta av eitt sams lovverk for folkehøgskular, og i praksis vart eitt skuleslag.

Etableringa

Ideen om ein kristeleg ungdomsskole på Nordmøre vart målboren av kirkesangar og lærar Anton T. Malme[1] frå Fræna på eit krinsmøte i Kinamisjonen på Øre 17. og 18. juni 1917[1]. I etterkant av dette møtet, vart det kalla inn til eit samtalemøte i Totalsalen (avholdslosjen) i Kristiansund den 29. juni. På dette møtet vart det sett ned ei arbeidsgruppe[2] som bestod av disponent Patrick Pedersen Tveikra (1887-1968[3]) frå Tingvoll (formann), John Slørdahl, ordførar Aslak Øyen frå Eide og gardbrukar Ingvald Lyche (1883-1947[4]) frå Torvikbukt. Arbeidsgruppa skulle jobbe vidare med å realisere skuleprosjektet. Det vart arrangert møter i Torvik bedehus 22. juli og 19. august. På det første møtet vart Olav Nielsen Grytli (1888-1961[5]) frå Tingvoll kalla til å vere skulen sin første styrar (rektor). På det andre møtet vart "Foreningen for Nordmør Ungdomsskole" stifta som skulens sin første eigar. Arbeidsgruppa gjekk inn i styret og vart forsterka med ytterlegare seks mann, deriblant A. T. Malme. Det vart vedtatt at Torvikbukt skulle vere melombels skulested, og at skoledrifta skulle starte allereie 15. oktober same år. Torvik bedehus på Vollan i Torvikbukt fungerte som undervisningslokale, medan innkvartering og servering gjekk føre seg på gardsbruka i i bygda. Den første elevflokken talte 35 elever.

Skoleanlegget

Høgtun tar form

Allereie første skuleåret vart det bestemt at skulen skulle få permanent lokalisering i Torvikbukt, og våren 1918 bestemte styret å kjøpe branntomta etter styremedlem Ingvald Lyches gard, Løkkegarden. Bygging av ein gymnastikksal starta sommaren etter, og eit hus frå Blikåsen (Blikåshuset eller Blekkhuset) vart kjøpt og flytta ned til Torvikbukt. I en avstemming vart Høgtun vald som namn på tunet, i konkurranse med Høgheim og Uppheim. Undervisninga flytta over til Høgtun i løpet av hausten 1918. Det andre skuleåret vart prega av spanskesjuka. Mange på skulen vart sjuke, men ingen døydde. Løkkegarden ble først dreve vidare i skulen sin regi, men i 1921 vart Høgtun skilt ut som en eigen parsell, medan resten av Løkkegården vart seld tilbake til gardbrukarar i bygda. I 1923 stod skulen sitt internatbygg ferdig, og for første gang kunne elevane flytte inn på tunet. Fram til da hadde dei budd på hyblar rundt på gardane i bygda. Internatbygget vart senere ansett som skulen sitt hovudbygg og er av nokre kjelder omtalt som Nordmøres største trebygning.

Kunst og arkitektur

Daglegstova i hovedbygget vart i 1931 dekorert av kunstmalar Axel Fiske, som malte eitt motiv frå kvar av datidas 16 kommunar på Nordmøre. Fiske vart seinere ordfører i Frei kommune. Eit stort mosaikkarbeid laget av Kalla Skrøvseth pryder frontveggen i gymnastikk- og festsalen. Dette var ei gåve frå elevlaget i samband med skulen sitt femtiårsjubileum. Knut P. Bugge var arkitekten som vart engasjert då internatet Øvretun skulle byggast i 1966–1967. Bugge var også brukt i 1965 som arkitekt for rehabilitering av hovudbygget frå 1923.

Referansar