Norsk Fjellmuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellmuseet i 2013.
Foto: Arnfinn Kjelland

Norsk Fjellmuseum ligg i naturskjønne omgjevnader ved Prestfossen i Lom sentrum. Museet opna i 1994 i eit bygg frå 1959, der Lom framhaldsskule hadde hatt kjøken og handverksavdeling i andre høgda og Ottadalen Kommunale Billag garasjar i underetasjen. Lom kommune løyste ut billaget og stilte heile huset til disposisjon for museet.

Gjennom bilete, gjenstandar, lyd og lys gir Norsk Fjellmuseum eit inntrykk av korleis fjellet har påverka menneska og korleis vi har påverka fjellet opp gjennom tidene. Utstillingane tek for seg ulike sider ved fjell- og friluftslivskulturen, med ny temautstilling kvart år i tillegg til flotte permanentutstillingar. Museet har ein mammutmodell i full storleik som er populær både blant store og små.

Norsk Fjellmuseum er òg nasjonalparksenter for Jotunheimen og for Reinheimen.

Kjelder