Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Norsk bonde- og småbrukarlag»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå stiftingsmøtet i 1913, Eidsvoll folkehøgskole.
Foto: Holmsen

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (ofte omtala som Småbrukarlaget) er ein fagleg og næringspolitisk medlemsorganisasjon for bønder og småbrukarar. Organisasjonen vart skipa i 1913, og har i dag (2013) ca. 7000 medlemmer fordelt på 260 lokallag og 18 fylkeslag. Organisasjonen vart skipa som alternativ og til dels i opposisjon til Landmannsforbundet (Norges Bondelag). Føremålet for Norsk Bonde- og Småbrukarlag er å fremje jordbrukets økonomiske og sosiale rammevilkår, mellom anna ved dei årlege jordbruksforhandlingane. Som viktige saker i dag (2013) framheld Småbrukarlaget auka matproduksjon, næringsutvikling, lokal foredling, god dyrevelferd og levande kulturlandskap.

Småbrukarlaget har heile tida vore prinsipielt partipolitisk uavhengig. Men fokuset på småbrukaren framfor den større bondens interesser har gjennom historia skapt eit nært meiningsfellesskap frå fyrst av med Venstre og Arbeidardemokratane, frå midten av 1930-åra mest med Arbeidarpartiet, og frå 1970-åra av til dels også med Sosialistisk Venstreparti. Men også ein markant senterpartipoltikar som Per Olaf Lundteigen har vore leiar i Småbrukarlaget.

Småbrukarlaget vart stifta 22. juni 1913 under namnet Norsk Småbruksforbund. Stiftingsmøtet fann stad på Eidsvoll folkehøgskole. Initiativtakarar og drivande krefter i byrjinga var redaktør og småbrukar Halfdan Cock-Jensen og den jordbruksengasjerte organisasjonsmannen Henrik Egeberg. Dei to dreiv frå 1909 småbruket Mailand i Lørenskog, som dei gjorde til eit mønsterbruk for småbruksdrift. Cock-Jensen vart fyrste formann, og Egeberg var sekretær/generalsekretær frå byrjinga og i mange år frametter. Dei to starta og redigerte saman Tidsskrift for småbruk frå 1911. Mellom andre var den sentrale arbeidardemokraten stortingsmann Alf Mjøen med i det førebuande arbeidet.

1950-åra var ein glansperiode for organisasjonen med ca. 30 000 medlemmer rett etter krigen[1] og som i 1958 hadde stige til 43 000.[2] Deretter følgde ein nedgang i 1960-åra i takt med strukturrasjonaliseringa i norsk jordbruk. I 1970 var det 20 000 medlemmer. Tilslutninga auka rett nok litt på nytt under den grøne bølgja i det følgjande tiåret, men deretter har medlemstalet igjen gått attende. I 1988 var det ca. 14 000 medlemmer,[3] og i dag er altså dette talet halvert.[4]

Leiarar

Leiar Periode
Halfdan Cock-Jensen 1913-1918
Ingebrigt Five 1918-1919
Thore Myrvang 1919-1921
Carl Borgen 1921-1924
Thore Myrvang 1924-1925
Henrik Egeberg 1925-1933
Sigvart Gulbrandsen 1933-1947
Anton Berge 1947-1951
Ole E. Noem 1951-1956
Peder Jacobsen 1956-1964
Bjarne Hervik 1964-1974
Kjell G. Jacobsen 1974-1982
Lars O. Romtveit 1982-1986
Per Olaf Lundteigen 1986-1992
Aina Edelman 1992-1996
Torgeir Strøm 1996-1998
Svein Kostveit 1998-2000
Arne Vinje 2000-2002
Geir Grosberg 2002-2004
Solveig Horve 2004-2006
Anne Osland 2006-2007
Ole-Anton Teigen 2007-2010
Merete Furuberg 2010-

Referansar

  1. Pax leksikon
  2. Norsk allkunnebok
  3. Store norske leksikon
  4. Heimesida til Småbrukarlaget 10.10.2013

Kjelder og litteratur