Norsk namnelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk namnelag vart skipa på den 3. nasjonale namnegranskarkonferansen i Oslo 18. november 1983. Laget har til føremål å vekkja interesse for og styrkja kjennskapen til namn, namnevitskap og namnevern. Namn kan vera person- eller stadnamn, skipsnamn eller namn på husdyr. Norsk namnelag gjev ut tidsskriftet Namn og Nemne og meldingsbladet Nytt om namn. Medlemstalet har veksla, men ligg no rundt 300–350.

Namn og Nemne er det einaste vitskaplege tidsskriftet for namnegransking i Noreg og kjem kvart år. Til no er det kome 35 årgangar. Nytt om namn har til no kome med 68 nummer. Gjennom desse publikasjonane har både fagfolk og namneinteresserte elles kome til orde. Her har eit stort tal artiklar og innlegg vore publiserte. Nytt om namn har hatt ei viktig oppgåve som informasjonsorgan for norsk og nordisk namnegransking. Her har òg den viktigaste nye faglitteraturen vore omtala.

Norsk namnelag har vori medansvarleg for fleire namnefaglege konferansar. Laget er høyringsorgan i samband med offentlege utgreiingar og lovframlegg. Norsk namnelag var pådrivar for lov om stadnamn (stadnamnlova) av 11. mai 1990 (sett i verk 1. juli 1991). Laget tok til motmæle mot den siste endringa av stadnamnlova 1. juli 2015.

Desse har vori leiarar: Reidar Djupedal (1983–1988), Botolv Helleland (1988–1996), Gunnstein Akselberg (1996–2006), Olav Veka (2006–2012), Frode Myrheim (2012–2018) og Terje Larsen (frå 2019).

Redaktørar for Namn og Nemne har vori: Ole-Jørgen Johannessen (1984–1996 og frå 2013), Oddvar Nes (1984–2004), Gunnstein Akselberg (1996–2012), Kristoffer Kruken (1999–2009), Inge Særheim (2010–2012), Gudlaug Nedrelid (frå 2010), Aud-Kirsti Pedersen (frå 2010), Vidar Haslum (frå 2013) og Tom Schmidt (frå 2016).

Meldingsbladet Nytt om namn har heile tida hatt Botolv Helleland som redaktør.

Kjelder

  • Botolv Helleland: e-post, okt. 2017.
  • Frode Myrheim: e-post, okt. 2017.