Nytt om namn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nytt om namn er eit medlems- og meldingsblad for Norsk namnelag. Fyrste nummeret kom ut i 1984. I Nytt om namn finn ein informasjon om Norsk namnelag, opplysningar om konferansar og seminar, kommentarar til aktuelle namnesaker, artiklar med namnefagleg innhald, oversyn over saker som er behandla i Klagenemnda for stadnamnsaker, oversyn over ny namnelitteratur og omtalar av bøker og nye masteroppgåver. Bladet har ei viktig oppgåve som informasjonsorgan for norsk og nordisk namnegransking.

Heile innhaldet i ei rekke utgåver er lagde ut på heimesida til Norsk namnelag.

Meldingsbladet har frå starten hatt Botolv Helleland som redaktør.

Lenkjer