Nye Bøadalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bøadalen skule
Foto: Pauline Eckerlein/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nye Bøadalen skule i Vik kommune ligg ved Skodlabruna på Brekke. Det var det andre skulehuset som blei bygd i Bøadalen krins.

Skulehuset

Skulen blei bygd i 1901, og fungerte som skule fram til og med våren 1967. Då dei skulle bygge nytt skulehus bestemte heradsstyret å bygge det på Brekke, i staden for lenger ute på Bøadalen der det gamle skulehuset stod. Dette vedtaket blei det protestar mot, men vedtaket til heradsstyret blei fylgt. Det var òg lærarbustad i huset.

Anna bruksområde

Då skulen blei lagt ned i 1967, blei det bygd om og det er no grendahus og barnehage i huset.

Foto

Bødalen, Vik, Sogn og Fjordane, bygget 1900. Skolehus med mørke kanter og steintrapp.Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong/Norsk Folkemuseum/Digitalt Museum

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik

Digitale kjelder

Digitalt Museum, registrering av gamle skulehus i Hordaland og Sogn og Fjordane, initiert av Noregs Lærarlags skulehistorienemnd og utført av Johan Schiong, Bergen 1958-59.

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.06700° N 6.54632° Ø