Nyheim (Høyanger gnr. 56/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nyheim, Berge i Høyanger»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Huslyden på Nyheim samla i hagen før 1928. Bak frå venstre Kari, Lasse, Marta, Anna på armen, Lidvin og Johan, Framfor Ingebjørg.

Nyheim, gnr 56, bnr 3, var eit småbruk på Berge i Høyanger.

Lasse Lasseson Berge fekk skilt ut bruket frå farsgarden Øvre Berge (56/1) i 1914. Det er kalla Nyheim i skøyta og skyldsett til 0,48 skmark. Tidlegare heitte staden Nykvia, og det vart det heitande på folkemunne. Bruket låg den gongen i Kyrkjebø herred.

Brukarparet Lasse og Marta Johansdotter fekk sett opp våningshus og uthus. Lasse hadde også arbeid i Høyanger ved sida av gardsbruket. Paret hadde fem born.

Snøskredet i 1928

9. februar 1928 var ein uvêrsdag med fatale snøskred fleire stader på Vestlandet, mellom anna i Berge. Skreda løsna ved Vetlegråsvoda og stoppa først på Indre Berge, truleg i 4-5-tida på natta. Avisa Fritt folk rapporterte: «Vårt neste mål er å betrakte den fryktelige ulykke på Øvre Berge ved Nordeide på nært hold. Fra dambskibsstoppestedet er det en times vei op til Berge, hvor der naturlig nok er stor sorg over den ulykke som har rammet Lasse Berges familie.»[1]

Tre av borna til Marta og Lasse, ein gut på 7 og to jenter på 12 og 17 år, omkom i skredet. Dei to eldste gutane, Johan på 18 og Lidvin på 19, berga livet. Lidvin hadde gravd seg fram, så han fekk hovudet og ein arm fri, medan Johan var metvitslaus. Foreldra hadde vore i Høyanger denne natta.

Truleg traff skredet rett på våningshuset «Absolut intet står igjen av dette, mens raset har været mer hensynsfullt mot fjøsen hvor grunnmuren står igjen og taket har lagt sig nokså pent oppå muren. Våningshuset her ført 80-90 meter nedover, og de ligger del i en haug, knust og delvis begravet av snemassene.»[1]

Det gjekk og store snøras i Saueåna på Ytre Berge same natta som gjorde stor skade på Bergsvegen.

Etter 1928

Husa blei ikkje bygd oppatt, men i mange år etter raset hausta huslyden bæra frå hagen. Bruket var etter kvart innlemma i Øvre Berge (56/1).

Fotnoter

  1. 1,0 1,1 Fritt folk: s. 1

Kjelder

Referansar