Nystøls Hotel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nystøls Hotel ei gong mellom 1888 og 1894.
Foto: Knud Knudsen

Nystøls Hotel låg nedanfor vegen mellom Myrane og Arbutun langs E134 i Vinje. Hotellet blei opna i 1887 og var i drift fram til 1897. Namnet på hotellet har truleg opphav i ein gamal støyl som stod nede ved Storlitjønna.

Historikk

Eivind T. Medhus (1826–1890) frå Røldal hadde kjøpt den austre delen av Nordistog Vågslid i 1867. Etter dette kalla han seg Eivind T. Vågslid. Det var han som fekk satt opp hotellet i 1887, med hjelp frå snikkarar frå Suldal. Sonen til Eivind, Torjus E. Vågslid (1868–1933) skal ha fortalt at det sat to mann, veke etter veke, og høvla materialar med tomannshøvel. Yngvar Nielsen skreiv at hotellet var under oppføring i 1886.[1] Det var ikke lenge Eivind dreiv hotellet før han døydde hausten 1890. Då tok sonen, Torjus, over drifta.

I folketeljinga frå 1891 budde Samuel E. Tveit (1866–1957) frå Suldal hjå Torjus.[2] Han var målar, og det er truleg han som har måla møblar, dører, tak og golv i bygningen.

I gjesteboka frå perioden 1895–1897 har ein turist frå Irland skrivi om opphaldet: "Aurefisking, 1. dag 10 aure, 2. dag 2 aure, tredje dag 85, 4. dag 101 (inkludert en aure på 4 pund). Meget komfortabelt hotel, utmerket mat og den mest aktpågivende vertinne".[3]

Annonse i Morgenbladet 6. februar 1895.

Det ser ut til at drifta ved hotellet opphøyrde i 1897. I Yngvar Nielsens Reisehaandbog frå 1899 står det at det hotellet stengde i 1898. Det var neppe noka god forretning å drive hotell i same område som alle dei andre hotella som vart bygd mellom Dalen og Odda på den tida.

Haukelidseter var det litt etter 1900 snakk om å setje opp ein ny bygning. Eitt forslag var å flytte det nedlagde Nystøls Hotel som var til sals. I eit prospekt frå 1903 er det bilde, grunnriss og rominndeling. Flyttinga av hotellet til Haukelidseter vart for dyrt.

I dag kan ein framleis sjå delar av murane nedanfor E134.

Referansar

  1. Morgenbladet 1886.10.30, s. 1.
  2. Folketellinga 1891.
  3. Gjestebok i privat eige.

Kjelder og eksterne lenker