Olav Aslakson Versto

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Aslakson Versto (født 22. juni 1892 på Rauland, død 13. juni 1977) var ein stortingspolitikar (Ap) frå Vinje i Telemark.

Historikk

Olav Aslakson Versto vart født på Rauland i noverande Vinje kommune. Han var son av gardbrukar Aslak Olavson Runningen (1871-1951) og Anne Reinsviki (1861-1940). Versto budde på garden Sudbø i Ytre Vinje. Vedsidan av gardsdrifta dreiv han med jordbruksarbeid, veg- og fløytearbeid frå 1906 til 1919. Han arbeidde deretter som anleggsarbeidar fram til 1924.

Frå 1928 var Versto stortingsrepresentant for Telemark der han representerte Arbeiderpartiet. Han sat på Stortinget fram til 1961.

Stortingsperiodar

  • Representant nr 3 for Telemark, 1928 - 1930, A.
  • Representant nr 4 for Telemark, 1931 - 1933, A.
  • Representant nr 3 for Telemark, 1934 - 1936, A.
  • Representant nr 1 for Telemark, 1937 - 1945, A.
  • Representant nr 1 for Telemark, 1945 - 1949, A.
  • Representant nr 1 for Telemark, 1950 - 1953, A.
  • Representant nr 1 for Telemark, 1954 - 1957, A.
  • Representant nr 1 for Telemark, 1958 - 1961, A.

Medlemskap i stortingskomitear

  • 1945-49: Formann, Vei- og jernbanekomiteen, 13.12.1945 - 10.01.1950
  • 1950-53: Medlem, Samferdselskomiteen, 23.01.1950 - 10.01.1954
  • 1954-57: Medlem, Fullmaktskomiteen, 11.01.1954 - 10.01.1958
Medlem, Samferdselskomiteen, 22.01.1954 - 10.01.1958
Medlem, Den forberedende fullmaktskomité, 22.03.1957 - 09.12.1957
  • 1958-61: Medlem, Fullmaktskomiteen, 11.01.1958 - 30.09.1961
Medlem, Samferdselskomiteen, 27.01.1958 - 30.09.1961
Medlem, Den forberedende fullmaktskomité, 29.05.1961 - 30.09.1961

Utmerkelser

  • Olav Versto vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1965.

Andre verv

Arkiv

Arkivet etter Olav Versto er ordna ved Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Sjå oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Biografi på stortinget.no. Lenke avlest 17.07.2017, kl. 15.00.
  • Oppføring på arkivportalen.