Olav Knutson Bergland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Familie og slekt

Olav Knutson Bergland (1888-1966)  var son til Knut Olavson Solli (1859-1942) og Juri Kjetilsdtr. Snippen (1863-1940).  Dei var mellom anna innerstar på Solli, ein plass under Skrede Gnr. 90/1.

Han vart i 1910 gift med Birgit Olavsdtr. Bergland (1884-1968). Ho var dotter til Olav Torkjellson Vatnedal (1843-) frå Sirdal, gift 1875 med Anne Såmundsdtr. Neirebø (1842-1895). Dei var husfolk på Bergland under Tveiten Gnr. 94/1 i Hauggrend. Ho var mellom anna syster til Såmund Bergland (!881-1978) som vart riksrevisor.


Husmann

Olav og Anne hadde fått rydda seg ein plass under Tveiten som vart kalla Bergland, og vart buande der. Det er usikkert om dei i det heile betala landskyld som plassbrukarar. Då Olav Knutson vart gift med Birgit tok dei over plassen Bergland, men hadde heller ingen skyldnad i høve til hovudgarden. Dei flytte inn i den bygningen som då stod der og vart buande der livet ut. Dei fekk til saman 9 born. Bergland vart skylddela som Bergland Gnr. 94/4 i 1951.


Skogsarbeidar og fløytar

Periodevis arbeidde Olav i skogen på sjølve garden, og på nabogarden Foldsæ Gnr. 93/1, men og andre stader utan at ein veit så mykje om det.

Ei tid dreiv han og med fløyting av tømmer i Skredevatn og Foldsæelva. Tømmeret frå Hauggrend og Skafså vart den tid fløyta over Skredevatn og vidare ned Foldsæelva til Vråvatn. Ein del av dette tømmeret fekk Skreosen Høvleri som låg ved øvre del av elva. Etter ei tid fekk han så arbeid ved sagbruket i Skreosen.

Om vinteren dreiv han med skolapping om kveldane, og om sumaren med onnearbeid på småbruket, eller på garden Tveiten som ligg like i nærleiken av Bergland.


Sagmeister ved Skreosen sag og høvleri

Først i 20 åra, mogleg 1922, byrja arbeidet på Skeosen Høvleri. Han arbeidde på sagbruket, mykje av tida som sagmeister, men stod og delvis for høvling av trelasten. Arbeidsdagen var frå kl. 7 morgon til 16:30 om ettermiddagen med ein times kvil midt på dagen, og med same arbeidstid laurdagane den fyrste tida.

Nokre av arbeidarane ved sagbruket fekk medalje for lang og tru teneste etter å ha arbeida meir enn 30 år i verksemda. Med unnatak av nokre korte periodar hadde han arbeid ved bedrifta i 34 år då han på grunn av skrantande helse slutta i arbeidet i 1955, 67 år gamal. Firmaet hadde forsømt seg med å søke om medalje for han medan han var i arbeid. Det var tvil om det var aktuelt då han ikkje hadde arbeidd heilt kontinuerleg. Etter samrøystes vedtak i styret for firmaet fekk han i staden for medalje eit gratiale på kr.1000,00.


Arbeidsveg

Bergland ligg øvst i Hauggrend. Når han skulle  på arbeid gjekk han ulike vegar ned bakkane, og då mellom anna gjennom tunet på Øvre Haugane. Vidare ned gardsvegen til fylkesvegen. I ein sving her, like ovanfor fylkesvegen, hadde han ei motorsykkelkasse med bylgjeblekkplate over der han hadde sykkelen sin. Så var det å sykle eit par kilometer nordover til Skreosen, eller å ta beina fatt, vinter som sumar.

For oss som budde på Haugane etter krigen var det like sikkert som at morgonen kom så kom og ein blid Olav gangande gjennom tunet for så på same vis kome attende for å ta fatt på vegen opp til Bergland. Det var eit lyspunkt i dagleglivet. Lenge etter at både Olav sjølv og sykkelkassa hans var borte var det ingen tvil om kva ein meinte når ein sa at noko var ved Sykkelhuset, - det var i svingen ned mot bilvegen.


Etterskrift

Bergit og Olav er gravlagde på Veum Kyrkjegard


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar:  Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992. Bind III
  • Naper, Trygve: Skreosen Høvleri. Ei bedrift i Utkant Noreg 1898-1998.  Eige forlag. Oluf Rasmussen AS, 3700 Skien. 2003
Dette er Bergland der Olav og Bergit budde. Foto: Widerøe 1967