Øvre Haugane (Fyresdal gnr. 95/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Haugane
No-nb digifoto 20141014 00271 NB WF FDK 024954.jpg
Øvre Haugan i Hauggrend.
Fylke: Telemark
Kommune: Fyresdal
Gnr.: 95
Bnr: 2

Øvre Haugane er ein matrikkelgard i Fyresdal kommune. Det er gardsnummer 95/2 som er det eldste tunet. Ved matrikkelgjennomgangen i 1838 var det nye tunet etter delinga ved alfarvegen og då vart det som så ofte elles at der folket då tok inn fekk bruksnummer 1 utan å ta historiske omsyn.

1. Namnet

Haugane er fleirtal av Haug. Det same er Haugann, slik det av og til vert skrive. Garden Haugane har gjeve namn til grenda her som heiter Hauggrend.

2. Opprinnelse og historie

2.1 Arkeologiske funn og kulturminner

Øksa frå yngre jernalder funne på Øvre Haugane.
Foto: Oldsaksamlinga.

I 1870 vart det funne ei ringbrynje, men denne let seg ikkje spore opp i ettertid.[1] Eit økseblad av jern frå yngre jernalder, 16,5 cm langt, vart funne på garden Haugan i Moland Pgd. Dette vart levert inn til Oldsaksamlinga i 1875, og fekk katalog nr. 7301.[2] Ved skylddelinga i 1831 står det om ei byteline: "[...]denne i en skraa Line til en Deld ogsaa(?) ved en stor Røs tæt ved Alfarveien." Her er det truleg snakk om ei Gravrøys. Etter delinga av garden vart det meste av denne røysa grave vekk og planert for å skaffe tilgang til ei hamn. Dette i tidsromet då øks og brynje vart funne, om det var i samband med denne gravinga vil ein aldri få svar på, men mykje kan tyde på det.

I skogen nord for gardstunet er det i ei V-forma tilrettelegging ei rekke dyregraver. Edvard K. Barth, som saman med si kone Sonja var spesialist på slike, meinte at dette måtte vere elg-graver då dei ligg i eit lågt område, og at dei måtte vere sers gamle. Det er altså dokumentert at det ikkje er kolmiler![3] På garden er det ei lang rekke med steinmurar. Det er mange rydningsrøysar og fleire terrasser i det brattlendte jordbruksarealet.

ferdselsvegen i uminnelige tider har gått gjennom tunet har ein eit rikt utval av vegar, alt frå ridevegen over til Vråliosen, ridevegen frå Bandaksli til Moland kyrkje som fleire gonger vart utbetra og tilrettelagt for bruk av vogn, mellom anna flytta frå det opphavlege tunet og meir ned i dalbotn der den i alle fall var i 1831 beskrive som Alfarvei. Denne hovudvegen vart så i 1905 lagt enno lenger ned i dalbotn som noverande fylkesveg. Det er rikeleg med minner frå den gamle vegen.

2.2 Høgmellomalderen 1050-1350

Haugane hadde heilt sikker busetnad i denne perioden, og den har altså ikkje vore øydegard. Den einaste i grenda.[4]

2.3 Seinmellomalderen 1350-1500

Haugane var busett også i denne perioden

2.4 Tidleg nytid 1500-1650

Den gamle alfarvegen på Haugane mot nord med røysa oppe til høgre.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2008)

Året 1595 var biskop Jens Nilssønvisitasferd til Fyresdal og for då gjennom tunet på Haugane. I reiseopptegnelsane hans står det å lese i ei utskrift frå 1885: "Så fore wi fra Faansebro i synder offuer en mo, kallis Fonsøstrand oc haffde Fonsøe paa den høyre haand 2 pilskudd fra veyen och sommesteds mere, saa komme wi til en gaard heder Hougum 1/2 mijll fra Faansebro, der fore vi igiennom gaarden, oc ligger den mit imellum Lauerdall och Fyrisdal 2 mill fra Lauerdall. I suduest 1 pilskud fra Hougom ligger en gaard heder Faantze."

På turen tilbake skriv han: "[...] Och fore wi fra Fyrisdall i nord oc i nordoust den samme vey tilbage igien som wi komme did 2 mijll til en gaard heder Hougom igiennom gaarden. Siden fore wi derfra en anden vey end wi komme did først heden i nordoust 1/2 parten aff 1/2 fiering offuer it field kallis Roelij aass, der efter fore wi fram bedre offuer samme aas i nord 1/2 fiering, saare slem vey, och vaar mogit ( sic ) igienfalden met store træer och louger saa at vi haffde ont at komme ther offuer. Siden i øster oc vdj nordoust 3 eller 4 pilskud vd met en myr til en ødegaard heder Napper paa den høyre haand oc fore wi da ned for en backe i norduest der effter i nord 4 pilskudd til et vand heder Roevand, der huilte wi och finge madt." Haugane var eit knutepunkt for ferdsel til og frå hovudsoknet Moland. Dit førde vegen frå Lårdal og Bandaksli for så å gå vidare sydover til Fyresdal sentrum og frå Haugane gjekk og ein viktig veg over heia til Vråliosen ved Vråvatn. Fonsøe er Foldsæ som er det gamle namnet på Skredevatn.

Då garden låg i eit slikt knutepunkt er det rimeleg at der tidleg vart skyldhaldarstasjon. I eit dokument datera Lislestog i Fyresdal 16. mai 1679 står det å lese: Torgeir Haugane i Fyresdal hev vore skydsskaffar. Eiler Hansen gjev honom kvitta. Lislestog i Fyresdal, orig. paa papir, liten lapp: "Torgier Hougene haffuer betjent sit Aaremaal schydsskaffuer ombud, Er nu frigiffuen, til omgang scheer, och Quiteris. Ex Lillestue d.16 May 1679. Eiler Hansen mpropria."[5]

3. Frå matriklar og panteregister

  • Matrikkel 1647: Hougenn. Skyld: 4tn 1 1/2mK
  • Gamal matrikkel: Hougen med Hammershuus. Lnr. 74 Skyld: 4tn 1qK
  • Matrikkel 1838: Haugen Gnr. 93 Lnr. 135a Skyld: 1-3-18
  • Matrikkel 1838: Haugen Gnr. 93 Lnr. 135b Skyld: 1-3-18
  • Matrikkel 1889: Haugene Gnr. 95/1 Lnr. 135a Skyld: 3,36
  • Matrikkel 1889: Haugene Gnr. 95/2 Lnr. 135b Skyld: 3,62

4. Nyare historie

4.1 Deling av garden

I den gamle matrikkelen er nemnd Hougen med Hammershuus. Hammershus var eit underbruk av Haugane, fram mot 1642 var det bare ein brukar som skatta. Frå ikring 1640 finn me ei deling av Haugane og frå 1642 har skattelistene med både Haugane og den frådela eigedomen som vart til gnr. 92 Midtgarden (Hammershus). Midtgarden var ein del av matrikkelgarden Haugane med Hammarshus fram til den nye matrikkelen 1838. Her var då to bruk, nedre og øvre Midtgarden.

I 1824 fekk Gunnar Olavson skøyte på Haugane av medarvingane, fann garden for stor og selde halvdelen til Sigurd Olavson, Haugane vart slik dela i to like bruk. Skylddelinga var i 1831.

4.2 Bruksnummer

  • Gnr. 95/1 Haugane nedre. Lnr. 135a
  • Gnr. 95/2 Haugane øvre. Lnr. 135b
  • Gnr. 95/3 Timrudjuvet. Rett namn er Steane, her var ein kort periode husmannsplass
  • Gnr. 95/4 Timrud. Fyrst støl, så husmannsplass før sjølveige.
  • Gnr. 95/5 Helland
  • Gnr. 95/6 Høystøylheia. Ein periode støl for Nedre Haugane
  • Gnr. 95/7 Høystøylheia. Ein periode støl for Øvre Haugane
  • Gnr. 95/8 Bergedalen. Utskild frå bnr. 6, Lagt til Gnr. 93/12
  • Gnr. 95/9 Timrud
  • Gnr. 92/1 Midtgarden nedre. L.nr.131
  • Gnr. 92/2 Fossum. (Bnr. 2 og bnr.3 er slått saman.)
  • Gnr. 92/3 Fossum
  • Gnr. 92/4 Midtgardshaugen skog og Rønnigdalsstykket. Røyningdalen var ein slåttestøl.
  • Gnr. 92/5 Midtgarden øvre (Kjelleberg). L.nr.132
  • Gnr. 92/6 Midtgardshaugen skog og Rønnigdalsstykket. Røyningdalen var ein slåttestøl.
  • Gnr. 92/7 Igletjønnåsen. Skogstykke
  • Gnr. 92/8 Bjåland. Ein part utskild frå bnr. 4. (Gnr. 92/8 -11)
  • Gnr. 92/9 Haugland
  • Gnr. 92/10 Moen
  • Gnr. 92/11 Bjåland. Ein liten part skild ut frå bnr. 6. (Gnr. 92/8 -11)
  • Gnr. 92/12 Rindom
  • Gnr. 92/13 Garmo
  • Gnr. 92/14 Runningen (Part av bnr. 6, vart til gnr. 90/2 Rinden)
  • Gnr. 92/15 Ystehaug (Hauggrend skule)
  • Gnr. 92/16 Bjørgulvskås. Husmannsplass ein kort periode
  • Gnr. 92/17 Fossum søndre
  • Gnr. 92/18 Solheim. Husmannsplass frå 1890.
  • Gnr. 92/19 Renneberg. Husmannsplass frå 1830

4.3 Bygningar

Eldhuset på Øvre Haugane 1955.
Foto: Olav Momrak-Haugan (1955)

Ved skylddelinga i 1831 står det: Betrreffende gaardens Bygninger da bleve udskifterne derom saaledes forligte: at Gunder Olsen beholder samtlige Huse(Øvre H) med undtag af Fæhuset:) det største og den mellemste stolpebod som påfaller Sigurd ligesom denne til (Det er så fyrst skrive flytning, så er dette stryke over i utskrifta.) Erstatning for erholdt sin del af husene under næste aars 14 de October bliver utbetale af førstnævnte 20-siger tyve norske daler.

I 1894 stod uthuset på tvers av dalføret, fjøset lengst ut mot dalen, så ein fjøsgang og deretter ein tradsjonell låvebygning, alt under eit tak. Om denne samanbygningen vart gjort etter delinga veit ein ikkje, men det er vel kanskje dette fehuset som ikkje vart flytta. Låven vart rive 1926 for å bygge ny driftsbygning, der var ei mengde typiske figurar rita inn i tømmeret, dei eldste med årstal 1729.

Mykje tyder på at det er den mellemste stolpebod som i 2017 står nede i det nye tunet og at eit av dei to andre står i det gamle tunet. Eit jorde like nedanfor tunet er i skylddelinga nemnd som Loftsager, mogleg har stabbura stått i nedre kant av eit rekketun som vanleg var og ut mot dalen.

Det gamle eldhuset på garden stod i øvre kant av tunet, hadde rom i to høgder med ein innebygd svalgang i nordre ende der det så var bygd til skjol i fyrste høgd og vognskjul i andre. Dette kan ha vore den gamle hovudbygningen på garden.

Oppe i bakken i nordaust på eit platå ligg smia til garden. Tømmeret her ber preg av gjenbruk. Plasseringa er på grunn av brannfaren, smia vart nytta til midten av 1900-talet. På eit platå litt lenger opp låg truleg badstova, av denne er det berre fundamenta att. Nord for smia var eit vårfjøs med plass til hest, kyr og gris om sumaren.

Etter tradisjonen skal hovudbygningen vere flytta frå husmannsplassen Timrud. Denne bygningen vart rive kring 1980. Det var ein bygning med stove og kammers i to høgder og det gjekk tydeleg fram at andre høgda var eit nytt påbygg etter flytting. Eit årstal skore inn i veggen i fyrste høgda er 1876, bygningen vart så kledd og fekk ein utsjånad prega av sveitserstil.

Mykje tyder på at det ved skylddelinga i 1831 var eit rekketun med stabbura ut mot dalen, det same og uthuset, og innhuset i øvre kant. Det er sagt at ideelt skulle ein frå dørhella ha kontroll over dei viktige husa på garden som stabbur og hus for dyra. Så etter skylddelinga vart tunet gjort om til eit tradisjonelt firkanttun, ny bygning vart satt opp der stabbura stod, eit stabbur satt opp i sydaustre hjørne, gamlehuset vart eldhus og uthuset på same plass som før. Det er slik grunnplanen og er i 2017. (Restar frå den gamle låven kan tyde på at dei er frå eit bur.)

4.4 Stølar

Hei tilhøyrande garden var ikkje langt unna heimetunet slik at det ikkje var aktuelt med tradisjonell stølsdrift, men det var fleire slåttestølar. Til Haugane etter delinga i 1640 var bruket Timrud nytta som støl før det var husmannsplass, og i lia ovanfor Timrud var ein gamal buplass som heiter Nystøyl. Der og på myrane ikring slo ein høy og sette opp stakk heilt til 1920-åra. Stølen Røyningdalen sokna naturleg til det som vart Midtgarden. Dei to Høystøylheiane vart kjøpt frå Gnr. 93 Folsæ i nyare tid.

4.5 Husmannsplassar

Steane i det som vart kalla Timrudjuvet var det ein kort periode ei husmannsstove, og på Timrud var det og ein periode husmannsplass. Noko husmannsvesen i tradisjonell form har det ikkje vore på Haugane, men på det som vart Midtgarden var det nokre som nemnt.

4.6 Sag og mølle

I samband med eit sal av nabogarden Tveiten i 1798 står det at garden hadde ein halvpart av eit kvernhus saman med Olav Haugane. Nord for tunet på Haugane er det ein stor bekk, ei å, det er einaste aktuelle stad. Der er liten vassføring så dette har ikkje vore kjent seinare. Men i denne åa var det lenge ei sag, den siste var i bruk heilt fram til 1900. Det var ei typisk flaumsag og den vart ikkje nytta lenger då det kom elektrisk kraft til garden. Denne bekken heiter eigentleg Grjotbekk men i nyare tid berre kalla Sagåa, nokre omfar av saga var lenge å sjå ved foten av fossen der.

4.7 Segner

Hauganglomen, Skreskromen og Veavargjen var tri svære kjempur som budde på Haugane, Skrei og Veum. Ei gaang la dei til aa slaast på Veamyrane. Det blei ei fæl ote og alle tri fekk store saar . Skreskromen rokk til Skrei og Hauganglomen til Haugane, men der falt dei og blei lagde i haug. Veavargjen var so medteken at han bare so vidt rokk av stridsvollen fyrr han stuppa, og der blei han lagd haug yve.[6]

I boka «Gama1 og ny tid» skriv Bendik Taraldlien truleg ganske fritt om Hauganglomen og Veavargjen: «Ein gong var det jolelag i Hauggrend. [...] Hauganglomen var au i laget. Alle venta at det skulle bli ein kjempekar av det beste, men han var stillfarande og så vidt vaksen enda. [...] Men med eit kom Veavargjen ubeden inn i laget. [...] Ut rymnde dei både karar og kvende, men ein sat att etter." Det var Torgeir Haugan, seinare Hauganglomen kalla. «So tok Torgeir og kasta Veavargjen ut på toni. [...] Men då galt Torgeir for å vere frikar i bygdi og fekk namni Hauganglomen.» Så vart det slåsting om Åshild Straand, den venaste gjenta i bygda. Etter segni frå fjøllgarden Fjøddi i Hauggrend, men dei fleste meiner Strånd. Dei spende belte på Solliskeiet og båe vart drepne. Åshild var glad i Hauganglomen, men hadde egga han opp mot Veavargjen. Åshild fann dei båe, var ikkje seg sjølv etter dette og reiste frå gard til gard. «Det var ein blom(!) som visna mot ein alt for tidleg haust. Hauganglomen blei lagd i haug. [...] Mange gonger hadde dei sett Åshild ved Glomshaug. [...] Og ein kald vettermorgon fann dei hennar død burte på haugen.» (”Blomhaug.”)

Det ser ut til, etter mi heilt frie vurdering, som det her har vore noko slåssing mellom desse tre karane, og så er det blitt dramatisert etter meir standard opplegg for segner, (vandresegner?), på bekostning av sanninga etter som åra går. Slik vil det vel ofte vere. Les elles heile segna slik den er fortald i boka.

Det er haugar/gravhaugar både på Haugane, Veum, Skrede og Solliskeiet og Torgeir Haugan og Åshild Straand er namn i ættesoga. Det er og i diverse dokument fortald om feider mellom dei tre gardane.

Diktaren Jon Lie skreiv eit mektig epos, ein ballade, om «Torgeir og Aashild», den er å lese i transkribert form i årboka for Fyresdal Sogelag 2009. s. 69-86

5. Kjelder og til utdjuping

  • Barth, Edvard K., i brev 1.2.1994.
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • Bugge, Alexander og Kolsrud, Oluf: Diplomatarium Norvegicum. Bygdesamlingar. Fyresdal i Telemark 1308-1708. Kristiania 1919
  • Hansen, Lars Ivar: Markebol og ødegårder. Bosetning og økonomiske forhold i Fyresdal ca. 1300-1660. Universitetsforlaget 1980
  • Lie, John: Aarolilja. Dikt. 2Dre Utgaava. Kristiania. Bertrand Jensens forlag 1897.
  • Lie, John: Torgeir og Aashild. Diktsyklus i «Sjå deg attyvi» Fyresdal Sogelag 2009. s. 69-86
  • Martens, Irmelin: Mellomaldergarder i Fyresdal. Juni 1992
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge bind III. Fyresdal Kommune 1992.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Steinnes, Asgaut (1892-1973): Støylar og støylsbruk i Fyresdal. Uppskrift av Asgaut Steinnes 1929. Manuskript ved Institutt for sammenlignende kulturforskning.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik: Gamal og ny tid. Erik St. Nilsen Skien 1930
  • Vest-Telemark blad 16. august 2012, enkelt om slektstreffet
  • Østmoe Kostveit, Åsta: Figurar på treskjelåvar i Fyresdal. Ein artikkel i «Sjå deg attyvi» .Fyresdal sogelag 2017
  • Østmoe Kostveit, Åsta: Folkekunst, tidtrøyte eller magi. Figurar på gamle treskjelåvar. TELEMARK forlag november 2018. 180 s.
  • Olav Momrak på Øvre Haugane
  • Hauggrend
  • Skredevatn

Gard og slekt

  • Torgeir budde på Haugane 1610. Det fyrste kjende namnet. Han hadde sonen
    • Gunnar Torgeirson Haugane, gift med Gjertrud Eivindsdatter Haugum frå Valle. Dei hadde fire døtrer, ei var gift med Knut Torgeirson Åkre i Valle i Setesdal, ei anna gift med Herjus Klauvreid i Skafså. Deira son var
      • Tarjei Gunnarson Haugane (1617-1697), gift med Turi Tarjeisdatter Moghus. Dei hadde tre døtrer. To var gift utan born, ei av dei var ei stund på Haugane, den tredje
        • Gunhild Tarjeisdatter Haugane (1659-1727), gift med Tarjei Andreasson Lauvik på Lauvik ved Bandak i Tokke. Deira eldste son Gjermund Tarjeison Haugane (1678- ) fekk hand om Haugane, bumerke 1698, men det vart det ikkje meir av. Deira andre son var
          • Gunnar Tarjeison Lauvik (1682-1768), gift med Ingebjørg Olavsdatter Byggstøyl. Dei budde på Lauvik. Deira son
            • Gunnar Gunnarson Lauvik (1725-1788), gift med Signe Kjetilsdotter N. Bergland, budde og på Lauvik. Deira son
              • Tarjei Gunnarson Lauvik (1750-1826), gift med Ingebjørg Vetlesdatter Døli, Mo, budde på Lauvik. Deira son tok over Klauvreid i Skafså, budde der.
                • Gunnar Tarjeison Klauvreid (1778-1845), gift med Ingebjørg Larsdatter Mandt, budde på Klauvreid, deira dotter
                  • Anne Gunnarsdatter Klauvreid (1833-1911), gift med Aslak Ketilson Snarteland/ Momrak, budde på Snarteland i Fyresdal. Deira son
                    • Olav Aslakson Momrak (1868-1944), gift med Else Talleivsdatter Wæthing, kjøpte så i 1894 øvre Haugane 95/2, og denne delen av garden var då attende i slekta.

Garden gjekk truleg ut av slekta i 1785 etter i lengre tid hatt same eigar som Lauvik, litt usikkert om fjernare slekt var inne i biletet etter dette, og vart så i 1831 dela i to. Olav kjøpte det gamle hovudbølet i 1894 og fekk i 1895 skøyte på Øvre Haugane, Timrud og Høystøylheia i Foldsæskogen av John Aavoldsen Tveiten som hadde kjøpt garden i 1868. Eldste sonen til Olav og Else

  • Aslak Olavson Momrak Haugan (1892-1985) gift med Marit Norheim frå Drangedal/Lunde, tok over garden etter dei. Neste eigar var
  • Olav Aslakson Momrak-Haugan (1936-), gift med Grethe Schevik Haukebø frå Molde som så førde garden over til
  • Aslak Olavson Momrak-Haugan, gift med Ingun Momrak frå Fyresdal. Dei har borna Olav, Magnus og Ketil og bur på og driv i 2017 Øvre Haugane med sau og lama.

I 2012 var det eit slektstreff på garden der dei fleste etterkomarane etter Olav og Else møtte fram og tok del i ei gild samkome som varde i to dagar.

Biletgalleri

6. Referansar

Referansar

  1. Marvik, s. 1537.
  2. B. T. s. 3
  3. Brev 1. februar 1994
  4. I. Martens.
  5. Diplomatarium Norvegicum.
  6. Taraldlien, 1910, s. 57.