Skredvatn (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Skredevatn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.

Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.

På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. På vestsida oppunder Skredefjell ligg det to gamle gardar, gnr. 90 Skrede (Skræi Søndre) og gnr. 91 Skræi Nordre. I matrikkelen frå 1665 står namnet på gardane som Sckree og Skree. Etter Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge er korrekt namn på gardane Skrede(Skræi).

Namnet på vatnet

Kart over Skredevatn.

Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. No Fyresvatn. Vidare opp dalen kom dei til Foldsæ, vatnet som breia seg ut framom dei. Ved å fylgje vassdraget kom dei så til Nisser, tolka som det nedre vatnet, for så å kome attende til utgangspunktet.

Når namnet på vatnet vart endra, veit vi ikkje, men biskop Jens Nilssøn nemner vatnet som Faansøe/Fonsøe på si visitasferd i 1595.

I Hauggrend og i tilliggande dalføre seier ein i 2011 Skre(d)evatn, med dobbel e og stum d. Det vert og skrive Skredevatn eller Skreevatn.

J. M. Lund skriv i 1785: «Skræe-Vandet som ligger nær Skafse Sogn ved Gaardene Skræe --.»

I eit skylddelingsbrev frå 1831 står det:«---østenfor det saakaldte Skræevand---»

John Lie: Aarolilja. Dikt. 2. utg. 1897: Aashild…, liktest paa far sin, Skreë-Skromen

Asgaut Steinnes skriv i Støylar og støylsbruk i Fyresdal 1929: Skréi-vatnet.

Aslak Momrak Haugan skreiv i Hauggrendsongen frå 1950-åra Skredevatn

Ivar Aasen skriv: Skride, skrede, skrea, skree: ”En brattliggende Mark eller Grønning under en Klippe (Egentlig dannet ved Skred); en stor Græsplet imellem Klipperne i et brat Fjeld.”

Skred er dynamisk medan skrede er statisk. Etter Ivar Asen er altså ei skrede eit produkt av eit skred. Ved ei slik skrede er det godt egna til å rydde seg ein gard, dette har vi fleire døme på i Vest-Telemark, Skrede - gardar.

Namneskiftet må ha vore i tidsromet mellom 1595 og 1785. Frå å vere Det breie vatnet vart det til Vatnet som ligg ved Skrede. Tilsvarande har ein i Jølster Skredevatnet som ligg ved garden Skrede. Elva som renn ut av vatnet heiter enno Folsæ elv og brua på riksvegen over elva heiter Folseth bru.

Men dersom vi ser på kva namn Statens Kartverk nyttar på dette vatnet så er det Skredvatn. Dette stussar ein stadig på, dette minner om buldrande skred ut i eit vatn! Sekretær for stedsnavntjenesten for Østlandet og Agderfylkene skriv at: «Når man fastsetter skrivemåten av et stednavn, skal man ta utgangspunkt i den lokale, nedarvede uttalen av navnet, men navnet skal også skrives i samsvar med norske rettskrivningsprinsipper», og at -- «navnet Skredi er dativ entall av skred, og bøyningsendelsen faller vanligvis bort i sammensetninger». Altså difor til dømes Skredvatn. Så der står ein i 2011.

Tømmerfløyting

Skreosdammen. Hauggrend i bakgrunnen.
Foto: Lars Veum (2007).

På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Derfrå vart det, delvis ved hjelp av ei tømmerrenne framom fossen Vesle-Rjukan, fløyta ned til Vråvatn. Tømmerhogst og fløyting førde med seg mykje aktivitet i grenda. Skredvatn vart regulera i 1953, og etter kvart tok transport med bil over.

Fiske og turisme

Flytebrygge ved Skredevatn.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).

Ved vatnet ligg det to campingplassar, Roan Camping og Fossumsanden Camping. På grunn av sterkt variabel vasstand er det bygd ei flytebrygge til bruk for grendefolket. Inntaket til tunellen til kraftverket er ein god del under vassflata slik at temperaturen i dei øvre sjikt held seg relativt stabil. Det er rikeleg med fisk, serleg er det ei for stor mengde med sik. Ved hjelp av ei større ruse er det freista å fiske opp ein del og dette ser ut til å ha hjelpt noko med tanke på storleiken på fisken ein fekk i 2011. På slutten av 1900talet dukka det opp ørekyte i vatnet, mest truleg kome hit som levande agn. Kor stor innverknad dette har på aurebestanden på lang sikt er uvisst. Grunneigarane kring vatnet har gått saman i eit grunneigarlag og dette tek opp aktuelle saker innan deira ansvarsområde.

Kulturminner

Kring vatnet ligg det ei mengde med automatisk freda kulturminner i form av busetnads- og aktivitetsområder, anlegg til framstilling av kol og jarnvinneanlegg.

Kjelder

  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • Lie, John. Aarolilja. Dikt. 2Dre Utgaava. Kristiania. Bertrand Jensens forlag 1897.
  • Lund, Johann Michael. Prokurator. Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken. Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn.1785
  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Rygh, O. Norske gaardnavne. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Veum, Lars. Fløyting og vassdrag i Fyresdal. Fyresdal kommune og Fyresdal skogeigarlag. 2008
  • Aasen, Ivar. Ordbog over det norske Folkesprog. Ny utgåve: Det Norske Samlaget. Oslo 2000
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseopptegnelser 1574 - 1597. Kapittel IV, side 381 på Digitalarkivet
  • Skredevatn i kulturminnesøk

Koordinater: 8.12040001° N 59.33383057° Ø