Olav Viken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Viken ca. 1960. Foto:Kristian Hosar.

Olav (Olaf) Viken (fødd i Skjåk 25. februar 1895, død same stad 1963) var den siste i Skjåk som hadde tjørebrenning som yrke. Særleg i ungdomen var han også aktiv i lokalpolitikken, som ein av pionerane i arbeidarrørsla i Skjåk.

Familiebakgrunn

Foreldra var Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Olav hadde åtte sysken og var sjølv nummer fem i rekkja. Eine systera var Ragna Nyhus. Familien hadde fleire heimar i Olavs oppvekst. I folketeljinga 1900 er dei plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad. Det er der dei har familienamnet Viken frå. Ei stund dreiv dei eit husmannsbruk i Lom. Faren dreiv elles på gardsarbeid, og han var på anlegg. Sidan fekk han arbeid som postomberar og som kyrkjetenar ved Skjåk kyrkje. På folketeljingstidspunktet 1910 bur familien til leige på gnr. 20.1 Søre Prestgarden. Seinare flytta dei til ein plass under Nigard Skjåk, som familien seinare kjøpte og kalla Strandheim. Heimen ligg rett ved Skjåk kyrkje.

Tjørebrennaren

Før mila tennest. Olav Viken ved tjøremila si ca. 1948. Gutane på biletet er nevøane Asbjørn Nyhus (lengst til venstre) og Lars Nyhus, søner av systera til Viken, Ragna Nyhus og svogeren Gunnar Nyhus. Foto: Kristian Stakston, som også var svoger til Olav Viken.
Ved tjøremila ca. 1960. Viken til høgre på biletet. Medhjelparen er Hans Marius Grimstadmo (1898-1985). Foto: Kristian Hosar.
Olav Viken ved mila ca. 1960. Foto: Kristian Hosar.

I ungdomen dreiv Olav Viken fleire slags arbeid, på gardane, i skogen og på anlegg. I 1928 byrja han for alvor med tjørebrenning i skogen til Skjåk-ålmenninga. Han bygde seg ei hytte ved riksvegen ved Kvernåa i Billingsdalen, nokre kilometer vest for Pollfoss, og budde der mest året rundt. Næraste naboane om vinteren var gardane Pollmoen og Glitne og hotella Pollfoss og Grotli, alle fleire kilometer unna. Det kunne også vere tømmerhoggarar i kojene i Billingsdalen om vinteren. Om sommaren var det store trafikk.

Viken samla feitrøter (tyrirøter), reinsa dei for jord og grus, hogg dei opp til småved og la den opp etter ein bestemt metode. På sommaren, helst i juli, brende han mila. Det tok fire døger. Av 80-90 kubikkmeter feitved som han til vanleg hadde samla til ei mile, kunne han få om lag 2500 kilo tjøre og 18-20 kubikkmeter trekol. Rundt 1960 vart dette til ei årsinntekt på ca. 3000 kroner.

Politikken

I Billingsdalen var Olav Viken ein einebuar. Han var ungkar heile livet. Men han var langt frå nokon asosial person, og han deltok aktivt i samfunnslivet. I bortimot ein mannsalder frå 1920 til 1948 var han blant dei sentrale sosialistane i Skjåk. Han var med i leiinga for Skjaak Socialistlag iallfall frå 1922. I 1925 vart han vald inn i kommunestyret på NKP si liste (sosialistlaga i Skjåk følgde NKP ved partisplittinga i 1923, men melde overgang til Arbeidarpartiet att frå ca. 1928). Frå 1931 var han formann i Skjåk arbeidarparti (heradspartiet). Viken var ikkje med i det kommunestyret som vart valt i 1928, men frå 1932 til 1948, med unntak av okkupasjonstida, representerte han samanhengande Arbeidarpartiet i Skjåk kommunestyre. Etter den tid trekte han seg ut av politikken og konsentrerte seg meir om yrkeslivet sitt i skogen i Billingsdalen. Når han vart spurd om kvifor han ikkje lenger ville vere med i styre og stell, pla han svare noko slikt som at «politikken kan drivast av andre, men tjyrubrenning? - nei.»

Kjelder og litteratur

  • Bruheim, Mathias: «Kull-, tjærebrenning og bekkoking i Skjåk», i Skjåk, utgjeve av Skjåk kommune i høve bygdejubileet 1966.
  • Olav Viken i Historisk befolkningsregister.
  • Olaf Larsen Vigstadviken i folketeljinga 1900 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  • Olaf Larsen i folketeljinga 1910 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  • Gudbrandsdalens Social-Demokrat 31.5.1922.
  • Gudbrandsdølen 11. og 12. januar 1963: Nekrologar over Olav Viken.
  • Skjåk, utgjeve av Skjåk kommune i høve bygdejubileet 1966. (Mellom anna lister over kommunestyremedlemmer.)