Ole Eriksen Hagen (1850–1927)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ole Eriksen Hagen (1850-1927)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Eriksen Hagen (fødd 1850 i Skjåk, død 1927 i USA) var norsk-amerikansk professor. Han kom til USA saman med foreldra sine i 1869.

Han var fødd og oppvaksen på garden Hågå i Nordberg i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Erik O. Hagen (1822-1908) og hustru Kari Larsdotter frå Skei i Skjåk (1816-1890). Ole var nest eldst av fire sysken.

Faren var kjend som lekpredikant og aktiv innan det kristelege, haugianskinspirerte miljøet som fanst i Skjåk på den tida. Om Ole hadde fått noko anna skulegang enn allmugeskulen, er uvisst, men han fekk sikkert noko undervisning av faren. I folketeljinga 1865 er 15-åringen Ole registrert som heimebuande som hjelp på garden.[1] Tre-fire år seinare flytta familien frå bygda, og kom i 1869 til Eau Claire, Wisconsin. Dei byrja etter kvart som farmarar.

I USA fkk Ole E. Hagen vidaregåande utdanning, og han gjorde akademisk karriere. Han disputerte for doktorgrad i Leipzig i 1890, og vart professor i gresk, hebraisk, sanskrit og nordiske språk ved South Dakota State University.

Referansar

  1. Ole Eriksen Hagen i folketeljinga 1865 for Skjåk frå Digitalarkivet

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Ole E.: Erik O. Hagen. Kort Omrids af hans Liv og Virksomhed i Norge og Amerika. Et Haugiansk Livsbillede. Madison, Wis. USA 1909 (faksimile utg. ved Dølaringen Boklag, Lillehammer 1976.)
  • Hosar, H.P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1898-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Ole Eriksen Hagen i Historisk befolkningsregister.