Erik O. Hagen (1822–1908)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Olsen Hagen (fødd 1822 i Lom, død 1908 i USA) var gardbrukar og snikkar i Skjåk, kjend som haugianar og lekpredikant. Han og familien emigrerte til USA i 1869, tilsynelatande mykje på grunn av ein bygdestrid som Erik stod midt oppi.

Han var fødd og hadde dei fyrste barneåra sine på garden Mork (g.nr. 32.3) i Øvergrenda på Nørdre Strond i Lom. Foreldra var Ola Steinarsson frå Steine på Lesja (1785-1824) og Karen Dorthea Hansdotter Torp (fødd ca. 1795). Far til Karen Dorthea, kaptein Hans Adam Torp (ca. 1754-1842) hadde kjøpte Mork i 1809. Foreldra til Erik overtok Mork i 1821, året før Erik vart fødd. Da faren døydde i 1824, dreiv mora Mork til ho selde garden i 1827. Ho gifta seg opp att i 1829 med Ola Olsson på Ånstad eller Prestgarden i Skjåk, og dei vart brukarar på Søre Prestgarden. Erik hadde altså barne- og ungdomsåra sine på Prestgarden frå han var ca. sju til han gifta seg som 24-åring med Kari Larsdotter frå Skei i Skjåk (1816-1890). Dei to byrja da som gardbrukarar på nabogarden til Skei, Hågå, i 1847, medan Søre Prestgarden vart driven vidare av halvsyster til Erik, Mattia Prestgarden.

Erik og Kari fekk fire born fødde i tidsrommet 1848-1858. Den eine sonen, Ole (1850-1927) vart professor i filologi ved South Dakota State University med doktograd frå Leipzig.

Etter ei personleg omvending i ungdomen, vart Erik Hagen sterkt religiøs. Han rekna seg som haugianar, men var sterkt påverka av den johnsonske vekkelse i 1850-åra. Han var sterkt samfunnsengasjert og aktiv i bygdas styre og stell. I 1860-åra oppstod det ein bitter strid om tømmersal frå ålmenninga i Skjåk, der Erik Hagen stod i spissen for den eine fløya. Sonen fortel i ein liten biografi om faren at det var ein sterkt medverkande grunn til at familien bestemte seg for å flytte ut frå Skjåk. Erik Hagens kristelege aktivisme kan ha forsterka kjenslene i bygdestriden. Sonen Ole fortel at han som 10-12-åring i Skjåk måtte «taale bitter Spot og Haan [...] som "Læseren Erik Hagens Søn"».

I 1868 bestemte dei seg for å dra frå bygda. Dei tenkte fyrst å kjøpe ein gard i Ringebu, men endra planar og drog til Amerika året etter, til Eau Claire i Wisconsin. Erik Hagen var sterkt engasjert i kyrkjeleg arbeid også på den nye heimstaden, heilt fram til han vart sjuk og døydde som 76-åring i 1908.

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Ole E.: Erik O. Hagen. Kort Omrids af hans Liv og Virksomhed i Norge og Amerika. Et Haugiansk Livsbillede. Madison, Wis. USA 1909 (faksimile utg. ved Dølaringen Boklag, Lillehammer 1976.)
  • Hosar, H.P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi. Snøhetta forlag. Lom kommune 2002.
  • Erik O. Hagen i Historisk befolkningsregister.