Hans Adam Torp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hans Adam Jensen Torp (fødd ca. 1754, død i Lom eller Skjåk 1842) var offiser og gardbrukar. Han oppnådde grad av kaptein og var kompanisjef.

Bakgrunn og familie

Gjennmgådde kjelder opplyser ikkje om foreldre og bakgrunn, anna enn at faren heitte Jens og skal ha vore klokkar. Etter alt å dømme var Hans Adam Torp eit døme på at gutar frå allmugen kunne avansere til offiser og dermed kome inn i det kondisjonerte samfunnssjiktet. Torp gifta seg i 1793 med Christiane Hansdotter (fødd ca. 1755, død i Lom 1834). Ovenstad (1949) gjev henne etternamnet Skow på grunnlag av militært løyve til å inngå ekteskap, og Kolden/Kjelland skriv Skaug. Oldebarnet til ekteparet Torp, professor Ole E. Hagen, skriv derimot at ho var fødd Døndahl, og at ho var syster til Niels Petersen som var sokneprest i Lom 1783-1797. Professor Hagen skriv vidare at oldemora «tilhørte den mægtige døndahlske Familie paa Øen Bornholm, som i sine Rækker talte høitstaaende Officerer i den danske Hær og endog fyrstelige personer, tilsyneladende af det oldenborgske Hus».

Hans Adam og Christiane Torp fekk tre born: Karen Dorthea (fødd ca. 1795), Jens Jørgen (ca. 1797-1884) og Anne Cathrine (fødd ca. 1802).

Karriere og bustader

Hans Adam Torp kom i militærteneste ca. 1771 og vart underoffiser i 1776. I 1788 vart han offiser, fenrik ved 1. Opplandske nasjonale infanteriregiment, Nordre Hedemarkske kompani. To år seinare avanserte han til sekondløytnant og var da ved Opplandske regiments Ringebuske kompani. Han vart premierløytnant ved Kvamske kompani i 1797. I folketeljinga 1801 er familien busett i Øyer.[1] Frå 1802 var han ved Lomske kompani, der han vart kaptein og kompanisjef frå 9. januar 1807. Han søkte om og fekk avskil frå nyttår 1809, og vart innvilga ein årleg pensjon på 200 riksdalar.

Som kompanisjef budde han og familien på sjefsgarden Hågå (gnr. 44.1 «Kafteins-Hågå»)nedst i Bøverdalen, kanskje også før 1807. I 1809 kjøpte Torp garden Mork i Øvergrenda på Nørdre Strond i Lom. Han stod sjølv inne for garden til 1821, da han overlet den til dottera Karen Dorthea og svigersonen Ola Steinarsen med føderådsavtale. Svigersonen døydde i 1824, og Mork vart seld på auksjon i 1827. Enkja gifta seg på nytt i 1829 og flytta til Skjåk. Dei aldrande foreldra Hans og Christiane flytta da til Uppistugu Ekle i Lom, der dei to andre borna deira budde på det tidspunktet. Der døydde Christiane i 1834. Hans Adam Torp levde i seks år til som enkjemann. Ved dødsfallsinnførsel i kyrkjeboka står det at han døydde på «Præstegaarden».[2] Helst tyder dette at han var hjå dottera Karen Dorthea i Skjåk, der ho og mannen var brukarar på Prestgarden (gnr. 20). Men det er vel også tenkjeleg at den gamle kapteinen kan ha hatt losji i den romslege prestegarden i Lom.

Etterslekt

Hans Adam Torp kom frå bondestand inn i den miltære embetsstan den. Men dei næraste etterkomarane hans heldt seg ikkje i den kondisjonerte stand. Dei vart jamne gardbrukarar, og til dels innerstar og plassfolk:

  • Eldste dottera Karen Dorthea var altså gardbrukar fyrst på Mork i Lom, så på Prestgarden i Skjåk. Hennar to born frå to ekteskap, Erik Hagen (1822-1908) og Karen Mathea Prestegård (1832-1912), vart også gardbrukarar i Skjåk.
  • Jens Jørgen vart gardbrukar på Uppistugu Ekle i Lom, gift i Trondheim med Rønnaug Henriksdotter (fødd 1793 på Synstad i Lom). Eldste sonen deira, Hans Adam Severin (fødd 1828, ugift) drog til Trondheim og seinare truleg til AureNordmøre, der han hadde to syskenborn (sjå nedanfor). Yngste sonen Anders (fødd 1831) vart gift med Anne Olsdotter på Nedre Bruheim i Skjåk (fødd 1833) og dei vart brukarar på garden hennar. I Bruheim vart dei forresten næraste grannane til Anders sitt syskenbarn Erik O. Hagen.
  • Anne Cathrine var kring 1827 innerst på Uppistugu Ekle, der broren var brukar. Anne Cathrine hadde i 1825 gifta seg med med Andreas Christian Lundgren (fødd ca. 1803). Det blir opplyst i bygdeboka at han var «målar», dvs. helst hus- og dekorasjonsmålar. Dei hadde to born som båe vart husmannsfolk i Aure, og Anne Cathrine budde som enkje hjå dottera si der. I følgje folketeljingane 1865 og 1875 hadde ho vore jordmor.

Referansar

  1. Hans Torp i folketeljinga 1801 for Øyer frå Digitalarkivet
  2. Kyrkjebok for Lom, døde 1842.

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Ole E.: Erik O. Hagen. Kort Omrids af hans Liv og Virksomhed i Norge og Amerika. Et Haugiansk Livsbillede. Madison, Wis. USA 1909 (faksimile utg. ved Dølaringen Boklag, Lillehammer 1976.)
  • Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja, bd. 2 (s.666). Lesja kommune 1992.
  • Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: Bygdabok for Lom bd. 1 (s. 208) og 2 (s. 206,424). Snøhetta forlag. Lom kommune 2002.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814, bd. 2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1949.
  • Ættebok for Skjåk, bd. 1 (s. 84229 Skjåk Historielag 1946 (opptrykk 1982)
  • Hans Adam Torp i Historisk befolkningsregister.