Ole Jensen (1834–1915)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Jensen (fødd 1834 i Sørum, død 1915) var lærar og skulebokutgjevar.

Han var son av gardbrukar Jens Olsen, og vart gift med Oline Olsdotter (f. 1837) frå Skedsmo.

Vi finn han som lærar, sjølveigande gardbrukar og kyrkjesongar i Sørum i 1875. Han budde då på Løren saman med kona og tre døtrer.Ole Jensen i folketeljinga 1875 for Sørum prestegjeld frå Digitalarkivet. Faren budde òg der. I 1885 hadde han og kona flytt til Kristiania, der han var lærar på Kristiania Almueskole. Dei budde i Thorvald Meyers gate 42.[1]

Ved folketeljinga 1900 budde han i Løkkeveien 15 i Kristiania saman med kona. Han var då overlærar i folkeskulen.[2] Løkkeveien 15 er adressa til Ruseløkka skole, og når det står i teljinga at han budde i tredje etasje stemmer dette med overlærarbuligen som vart bygd der i 1891. I 1910 var han enkemann og pensjonist, og budde i Johannes Bruns gate 4 i Kristiania.[3]

Referansar

  1. Ole Jensen i folketeljinga 1885 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Ole Jensen i folketeljinga 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
  3. Ole Jensen i folketeljinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet

Litteratur og kjelder