Ole Jonsson Standal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ole Jonsson Standal (1778-1871) var fødd på garden Hauge i Sunnylven i 1778, men foreldra flytte alt året etter til Bøgarden på Store Standal i Hjørundfjord. Ola fekk bygsel på garden frå faren i 1800. I 1804 vart han gift med Larentse Endresdtr. Riise (1776-1850), og saman fekk dei seks born.
Våren 1814 var Ole Jonsson Standal valmann for Hjørundfjord prestegjeld.
Kjelde:
- Strømme, Lars og Standal, Ragnar, Gard og Ætt. Hjørundfjordboka, bd. 5, Ørsta 1993, s. 408.
- Ole Jonsson Standal i Historisk befolkningsregister.
|