Olea Crøgers veg (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olea Crøgers veg sett sørover frå Gravshaugvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Olea Crøgers veg i Seljord kommune er ein blindveg i området Gravshaugane som går sørover frå Gravshaugvegen til snuplass i enden og er 170 meter lang.

Vegen er kalla opp etter folkeminnesamlaren Olea Crøger (1801–1855) og vart namnsett i 1977.

Olea Crøger var dotter til sokneprest Johannes Crøger (1753–1830) og Helle Margrete Neumann (1764–1849). Ho var ein av dei fyrste som systematisk samla inn folkeviser og melodiar i Telemark. Samlingane overlot ho til M. B. Landstad og L. M. Lindeman. Bortsett frå kortare Christiania-opphald levde Olea Crøger heile sitt liv i telemarksbygdene Heddal, Kviteseid og Seljord.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48548° N 8.61957° Ø