Oluf Jonssøn Lind

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oluf Jonssøn Lind var kapellan og pastor i Vanylven sokn i Volda prestegjeld på 1600-tallet. Opphaveleg var han frå Bergen.

Han vart student i 1621, og kom til Vanylven kring 1625. Han skal ha vore den fyrste residerande kapellanen der. Då han kom til Vanylven var hun trulova med Trine Sverkelsdotter, og dei vart gift noko seinare. I 1630 vart kapellaniet omgjort til eit residerande pastorat, som han hadde til sonen Jonas Olufssøn Lind tok over i 1664. Han døydde truleg kort tid seinare. I tillegg til sonen hadde han minst ei dotter, Margrethe Olufsdotter Lind, som vart gift med presten Axel Olssøn Rødberg. Han hadde óg minst ein son til, Oluf Olussøn LindÅheim.

Vi kjenner fleire born av Oluf og Trine Lind. Årstala er uklare, så dei er sett opp alfabetisk her:

Oluf Lund har etterlete seg ei salme eller åndelig vise, som vart trykt i København i 1629. Den er bevart som trykk nr. 2 i Peder Rafns visebog. Solveig Tunold omtalte dei 34 åttelinjers versene som «ubehjelpelige».[1] Han står seg dårleg i sammenlikning med den samtidige prosten i Volda, Peder Rasmussøn, som har fire salmer i same visebok. Versa er utstyrte med ei rekke bibelreferansar, og etter dei 34 versa følgjer ein pompøs doksologi på latin.

I 1666 sette Lind opp lista til den fyrste matrikkelen for Vanylven sokn.

Referansar

  1. Tunold 1937: 378.

Litteratur og kjelder