Oppdal historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppdal historielag er eit historielag i Oppdal kommune i Trøndelag. Laget vart stifta i 1979 og er tilslutta Sør-Trøndelag historielag og Landslaget for lokalhistorie.

Laget skal «vekke historisk interesse, øke og spre kunnskap om bygda, verne om de kulturelle kulturminner og berge de muntlige tradisjoner som finnes om liv og arbeid i eldre tid».

Historielaget gjev ut årboka Bøgda vår. Alle som kjøper den, om lag 1400 kvart år, har medlemsrett i laget. Oppdal historielag har ikkje medlemspengar eller medlemsregister.

Aktivitet

Publisering av bøker er ein hovudaktivitet. Laget driv òg på med dataregistrering av kjelder og avfotografering av foto, i samarbeid med Oppdalsmuseet.

Publikasjonar

  • Årboka Bøgda vår.
  • To bøker med gamle foto.
  • To bøker med gamle revyviser.
  • Ei bok om hovudlinjer i Oppdals historie.

Leiarar

  • Eystein Wolden 1979-1980
  • Tore Fagerhaug 1981-86
  • Kjell Haugland 1986

Kjelder

  • Eldre fotoregister 1992-2004
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Oppdal historielag på Digitalt museum.
  • Oppdal historielag på KulturNav
  • Opplysningar frå historielaget (Landslaget for lokalhistories lagsundersøking 2019).

Eksterne lenkjer