Pål Knutsson frå Onarheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seglet til Olavsgildet på Onarheim, Tysnes i Sunnhordland, vart nytta under hyllinga av kong Magnus Magnusson i Båhus i 1344. Forfattaren og historikaren Johannes Heggland har lansert den tanken at Pål Knutsson kanskje var til stades her, sjølv om ein ikkje veit noko sikkert om det. Seglet vert i dag nytta i fylkesvåpenet for Hordaland. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Pål Knutsson frå Onarheim (andre halvdelen av 1300-talet, fødselsår og dødsår usikkert) er kjend for bli sett i samanheng med den såkalla Kensingtonsteinen. Som historisk person blir han i et brev datert 1345 omtala som hertuginne Ingeborg, dvs. Ingeborg Håkonsdatter (f. 1301- d. ca 1360, seinast 1364) sin ombodsmann. [1] I 1348 er han omtala som lagmann på Gulatinget, og andre dokument viser at han hadde eigedomar både i Kvinnherad og på Onarheim i Tysnes. Han vert ved alle høve kalla Pål Knutsson frå Onarheim. Utover dei i alt fem dokumenta der hans namn finst nemnd i Diplomatarium Norvegicum, er han ein relativt obskur person.

Ekspedisjon til Grønland

I ei kongeleg befaling datert 3. november 1354 i Bjørgvin [2] vart Pål Knutsson beden av kong Magnus VII Eriksson (1319 - 1355) om å utrusta ein knarr for å sjå til den norrøne grønlandske befolkninga. Det er uvisst når skipet tok fatt på denne ferda, det er gjetta på 1356, og det er uvisst om Pål Knutsson sjølv var med på reisen, eller om ekspedisjonen vart noko av.

1800-tals historikaren Gustav Storm meinte i 1888 at Pål Knutsson høyrde til kongens hird. Forfattar og historikar Johannes Heggland meiner at at han også kan ha fungert som sysselmann i visse områder. Det er ikke kjend kven som var sysselmann i Sunnhordland i 1340-åra. Men ettersom Pål Knutsson var kongeleg ombodsmann, dvs. ein slags hirdmann, og seinare lagmann i Gulatinget, er det mangt som talar for at han kan ha vore sysselmann for kong Magnus i dette distriktet, sjølv om det ikkje finst noko konkret bevis for det. Det var nettopp på denne tida (1344) at talsmannen for bøndene i Sunnhordland nytta gildeseglet frå Onarheim som underskrift då han var med på å hylla den unge kongssonen Håkon Magnusson i Båhus, då ”heile Noreg” var samla der. Heggland kommenterer at ”det fell lett å tenkja på at Pål Knutsson har vore den som nytta gildeseglet, endå om me ingen ting veit om dette.”[3]

Kensingtonsteinen

Det var den norskamerikanske historikaren Hjalmar Rued Holand som sette Pål Knutsson i samband med den omdiskuterte Kensingtonsteinen, og som dermed gjorde han til eit kjend namn i det skandinaviske Amerika, som "Amerikas oppdagar". Holand sin teori gjekk kort fortald ut på at kongen sin knarr, under kommando av Pål Knutsson, nådde Grønland og fann bygdene tomme, og at dei drog vidare vestover på leiting etter den norrøne kolonien. Til slutt var dei komne så langt som til det noverande Minnesota, der eit mindre følge tok seg inn i landet og vart angripne av indianarar, "skrælingar". Til minne om dei drepne let dei etter seg ein stein med runer som skildrar kva som skjedde.

Holand sin teori er kraftig omdiskutert, men har mange tilhengjarar. Pål Knutsson er såleis ein sentral historisk skikkelse innan denne tradisjonen, trass i at det finst få konkrete historiske vitnesbyrd.

Referansar

  1. Dokument datert 20. august 1345. Diplomatarium Norvegicum.
  2. Originalen til brevet er gått tapt, det finst likevel ein kopi i Diplomatarium Norvegicum, etter ei avskrift frå handskriftsamlinga ved det danske kongelege bibliotek.
  3. Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Band 1, s. 286. Utg. Tysnes sogelag, 1963.

Kjelder og litteratur

  • Johannnes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1. Utg. Tysnes sogelag, 1963.
  • Hjalmar Rued Holand: A pre-Columbian crusade to America. Utg. Twayne Publ., 1962.

Eksterne lenkjer