Kensingtonsteinen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kensingtonsteinen som vart hevda funne i jorda i Kensington, Minnesota 1898. Biletet viser dei to flatene med runeteikn på steinen. Runesteinen er av mellom anna av historikaren Hjalmar Rued Holand sett i samband med Pål Knutsson frå Onarheim, Tysnes i Sunnhordland, som ifølge Holand sin teori leia eit større følgje inn i det noverande Minnesota 1362.
Foto: Flom: The Kensington Rune-Stone: an address (1910)

Kensingtonsteinen er ein stein med runeteikn som vart hevda funnen i jorda like utanfor småbyen Kensington, Minnesota i 1898 av den svenske farmaren Olof Ohman. Fleire naboar stadfesta funnet, men etter ei tid vart steinen avfeid som falskneri etter at fleire språkekspertar hadde undersøkt steinen, og Ohman fekk den i retur. I 1907 vart steinen «gjenoppdaga» av den norskamerikanske historikaren Hjalmar Rued Holand (1872-1963) som etter kvart fekk påvist at runeteikna var 1300-tals runer og ikkje ei dårleg etterlikning av vikingruner som ein først gjekk ut frå, og steinen vart no atter ein gong gjenstand for ein ny debatt, som framleis bølgjer fram og tilbake. Steinen vart godteken som ekte av The Minnesota Historical Society, som seinare trekte godkjenninga tilbake og i dag er den eit ikkje-tema for selskapet. Steinen vart seinare stilt ut i Smithsonian Institiution 1948 og seinast på Statens Historiska Museum i Stockholm 2003, men den framherskande oppfatninga er likevel framleis at steinen er uekte.

Innskrifta

Steinen måler 76 x 41 x 15 cm og veg vel 90 kilo. Det er ein såkalla gråvakkestein. Då den vart teken opp av jorda i 1898, skal den ha lege innfiltra i røtene på eit poppeltre som finnaren Olof Ohman og stadfestingar frå naboar hevda skal ha vore minst førti år gammalt. Det vil i så fall seia at steinen hamna i jorda seinast 1858. I følgje innskrifta vart runene på steinen rissa i 1362.

Innskrifta dekkjer framsida og den eine sida av steinen og lyder slik:

(wi er) 8 : goter : ok : 22 : norrmen : po : (en) opdagelsefard : fro : winland : of : west : wi : hade : læger : wed : 2 : skjar : en : dags : rise : norr : fro : deno : sten : wi : war (ute) : ok : fiske : en : dagh : æptir : we : kom : hem : fan (wi) : 10 : man : rode : af : blod : og : ded : AVM : fræelse (os) : av : illy : (wi) har 10 : mans : we(d) : hawet : at : se : æptir : wore : skip : 14 : dagh : rise : from : deno : öh : (æptir guz byrd) : 1362

Ömsetjinga vert då slik:

Åtte svenskar og to og tjue nordmenn på oppdagingsferd frå Vinland mot vest. Me hadde ankra opp i ein sjø med to skjer i, ein dagsreise nord for denne steinen. Me var ute og fiska ein dag. Då me kom heim fann me ti mann raude av blod og døde. AV(e) M(aria), frels oss frå det vonde. Har ti mann ved havet til å sjå etter skipa våre, fjorten dagsreiser frå denne øya, året 1362.

Holands teori

Det var den norskamerikanske historikaren Hjalmar Rued Holand som sette Pål Knutsson frå Onarheim i samband med den omdiskuterte Kensingtonsteinen, og som dermed gjorde Pål Knutsson til eit kjend namn i det skandinaviske Amerika, som "Amerikas oppdagar". Holand sin teori gjekk kort fortald ut på at kongen sin knarr, under kommando av Pål Knutsson, nådde Grønland og fann bygdene tomme, og at dei drog vidare vestover på leiting etter den norrøne kolonien. Til slutt var dei komne så langt som til det noverande Minnesota, der eit mindre følge tok seg inn i landet og vart angripne av indianarar, "skrælingar". Til minne om dei drepne let dei etter seg ein stein med runer som skildrar kva som skjedde.

Status pr. i dag

Sjølv om majoriteten av både språkfolk og andre ekspertar framleis hevdar at Kensingtonsteinen er eit falskneri, er siste ord enno ikkje sagt. Det er først og fremst språket som er nytta som har vore mest omdebattert. I oktober 2003 vart steinen undersøkt i Sverige av professor i nordisk språk, Tryggve Sköld, som samanheldt inskripsjonen med runeteikn frå Dalane (Sverige), som samsvarar med runene funne på Kensingtonsteinen. James Knirk, professor i runologi ved Universitetet i Oslo, slo i 2004 fast at runene må ha vore rissa av ein svensk-norsk busetnad i Minnesota på slutten av 1800-talet. Samstundes er det også ei rekkje ressurspersonar som går gode for at steinen er ekte, mellom dem den dansk-amerikanske matematikaren dr. Richard Nielsen (død 2016). Også den dansk-norske arkeologen Lotte Hedeager ved Universitetet i Oslo har skrevet at hun mener at den er ekte.

Kensingtonsteinen inngår i ei lang rekkje av liknande påståtte funn i Canada og USA, både av runesteinar og gjenstandar frå norrøn tid, og også reelle kart og dokument, og sagalitteratur, som av mange vert halde fram som bevis for norrøn busetnad i dagens Nord-Amerika. Dette er teoriar som ikkje har vunne tilslutning av faghistorikarar eller fagarkeologar, sjølv om ein heller ikkje ser heilt vekk frå ein slik tankegang. Kensingtonsteinen er stilt ut permanent i The Runestone Museum i byen Alexandria, Minnesota, i nærleiken av staden der steinen vart funne.

Kjelder og litteratur

  • Blegen: The Kensington Rune Stone: New Light on an Old Riddle (1968)
  • Brøndsted: Norsemen in North America before Columbus (Smithsonian Institution, 1954)
  • Heyerdahl/Lillieström: Ingen grenser (Stenersen, 1999)
  • Historiska Nyheter, Specialnummer om Kensingtonstenenv (Statens Historiska Museum, Stockholm 2003)
  • Holand: A pre-Columbian crusade to America (Twayne Publ., 1962)
  • Nielsen: Response to Dr. James Knirk’s essay on the Kensington Rune Stone (Scandinavian Studies, 2001)
  • Tornöe: Norsemen before Columbus (Universitetsforlaget, 1964).

Eksterne lenkjer