Pasjonstavla (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pasjonstavla frå Volda stavkyrkje. No er den i Bergen Museum
Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2007 s.19

Pasjonstavla i stavkyrkja i Volda

Den første kyrkja i VoldaSunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller først på1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare utbygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja. Vi veit lite om utsmykkinga i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet og framover.

Den første kjende gåva

Den første kjende gåva til Volda stavkyrkje var ei stor, rikt dekorert tavle med fleire malte scener frå Jesu liv. Tavla blei gitt til kyrkja i 1643. Den er blitt omtalt som eit antemensale, dvs. at den var «framvegg» på altarbordet. Dette er truleg feil. Professor Henrik von Achen ved Universitetsmuseet i Bergen, meiner at storleiken tilseier at tavla ikkje kan ha vore brukt slik. Det finst også ein omtale frå 1800-talet som fortel at tavla var plassert på venstre langvegg framme mot koret, godt synleg. Men uansett plassering var tavla ei spektakulær gåve til kyrkja.

Historia bak denne tavla er både mangfaldig og interessant. Vi held oss her til omtale ved Henrik v. Acher i Voldaminne i 2007. Tavla kom som gåve til kyrkja i 1643. Gjevar og tidspunkt er opplyst ved ei innskift på tavla: «Anno – Gud till Ære Denne Kiercke til Beprÿdelse; Er denne Taffle forrærit aff: Lodwig Andersen, oc Marite Perszdaatter – 1643». Gjevarar var altså Ludvig Andersen og kone Marit. Dei budde på garden Rønnestad i Volda. Ludvig var ingen småkar. Han åtte to bruk på Rønnestad. Dessutan var han handelsmann og hadde eiga skute for handel med Bergen. Han var gift med dotter til tidlegare prest i Volda, Peder Rasmussen.

Er tavla ein del av pasjonstavle?

Tavla er 110 cm høg og 217 cm brei. Som illustrasjonane til denne artikkelen viser, er tavla delt opp i fire motiv, alle bilde frå Jesu barndom og Jesu lidingssoge. v. Achen meiner at tavla frå stavkyrkja i Volda må vere ein del av ei større tavle som viste Jesu lidingssoge,- ei pasjonstavle. Tavla vart truleg malt ca. 1470.

Tavla i stavkyrkja i Volda må altså ha vore ein del av ei større tavle, som opprinneleg var til utsmykking av ei anna og større kyrkje enn kyrkja i Volda. Truleg på Vestlandet, meiner von Achen. Ved å drive handel med Bergen har Ludvig Andersen hatt høve til å finne ei slik tavle der. Etter reformasjonen vart mykje av utsmykkinga fjerna frå kyrkjene i Norge, og interesserte kjøparar kunne då få gode kjøp av kyrkjekunst. I Bergen var det fleire kyrkjer som var så store at dei kunne hatt ei stor pasjonstavle. Kanskje Volda-tavla kom frå av ei av desse kyrkjene?

Volda stavkyrkje vart tatt ned i 1858 fordi soknet trong ei større kyrkje. Tavla blei då tatt vare på og fekk pass på veggen i kyrkja som då vart bygd. I 1881 fekk kyrkjeeigaren tilbod om kjøp av pasjonstavla. I 1885 vart det semje om prisen, og tavla blei seld til Bergen Museum. Nå er den ein del av samlingane der, med museumsnummer MA 318 .

Kjelder

  • von Achen, Henrik (2007): Pasjonstavlen fra Volda kirke. Voldaminne 2007 s. 19.
  • Aarviknes, Per (1975): Den gamle Volda-kyrkja. Folkeminne, segn og soge, s. 80. (Aarviknes gjengir ei udatert skildring av kyrkja, ved Elias Olsson Følsvik)


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Pasjonstavla (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.