Peder Pedersson Sira

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pedersson Sira (1769-1836) var gardbrukar og lensmann i Eresfjord i Romsdalen.

Han vart fødd på bruket Sira-Reiten (bnr. 1 under Sira) i Nesset prestegjeld. Peder gifte seg i 1792 med Kari Pedersdtr. Oppigard (1767-1857). Tre år tidlegare hadde han fått skøyte på heimgarden av far sin. Peder og Kari fekk 12 born, men berre to vaks opp.

Faren, Peder Hansson Sira (ca. 1732-1796), var lensmann i Eresfjord tinglag frå 1767, og sonen tok over lensmannsembetet etter faren. Sira-Reiten var såleis lensmannsgard i perioden 1767-1836. Farfaren til Peder Pedersson, Hans Hansen Kvam (ca. 1670-1762), hadde kome til Nesset frå Inderøy. Han var sersjant i Eresfjordske kompani.

Peder Pedersson hadde ei stor boksamling i lensmannsgarden. Våren 1814 var han valmann for Nesset prestegjeld, og året etterpå vart han valt til vararepresentant på Stortinget for Romsdals amt. Han drukna i elva Eira i 1836.

Kjelder