Per Lems loft
Hopp til navigering
Hopp til søk
Per Lems loft er ein freda bygning i Ørnegata 6 i Lærdalsøyri. Det vart reist som sjøbu eller naust med bustad i fyrste kvartal av 1800-talet, og står i verneområdet Gamle Lærdalsøyri. Huset hadde opphavleg trapp på utsida, men den har vorte bygd inn. Det står ellers nær sagt slik det var då det var nytt. Bygningen vart freda i 1923.
Huset har namn etter Per Sørensen Lem, som hadde snikkarverkstad der.
Kjelder
- Per Lems loft på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no