Per Olsson Hågå

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Hågå sitt gravminne på Sødorp gamle kyrkjegard.
Foto: Chris Nyborg (2015).

Per Olsson Hågå (født omkr. 1723, død 1785), også kalla Peder Olsen Hågå, var gardbrukar i Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Han vert av mange rekna som modell for Henrik Ibsen sin rollefigur Per Gynt, kjent frå stykket Peer Gynt frå 1867. Det er mogleg at historier om han kan ha inspirert Ibsen, men meir truleg var det hans tipp-oldefar Per Larsson Hågå som var den eigentlege Per Gynt, om ein først skal knytte segnfiguren til ein einskild historisk person.

Per Olsson var son av Ole Persson Hågå og Marit Halvorsdotter. Mora var dotter av førre brukar på Nørdre Hågå, Halvor Olsson Hågå, og oldebarn av nemnde Peder Larsson Hågå. Han fekk skøyte på garden i 1768 av sin yngre sysken og mora. Per var ikkje gift, og han var kjent som fjellmann - det er ikkje rart at han vart knytt til segnet om Per Gynt, men det er nok for gammalt til at det kan vere han som var den opphavlege modellen.

Det er reist eit minnesmerke over Peder Olsson som Per Gynt på Sødorp gamle kyrkjegard nær Hågå, og garden er no kjent som Peer Gynt-gården.

Kjelder

  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron: Bind II: Nord-Fron. Utg. Fron historielag. 1974.