Postvegen Magerholm til Nørvasund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein rest av postvegen er framleis godt synleg mellom gardane Øvste-Aksla og Reiten Foto: Svein Ove Dale Østrem.

Postvegen frå Magerholm til Nørvasund gjekk gjennom Ålesund kommune. Restar av vegen, som truleg vart påbegynt tidleg på 1800-talet, er framleis synleg nokre stader.

Ein er ikkje heilt sikker på når den første vegen gjennom bygda stod ferdig, for det er nemd ulike årstal, og bygdeboka er ikkje til å stole på i dette tilfellet. Vegen heiter fortsatt "Postvegen" og det er nok temmeleg sansynleg at nettopp posttransporten var årsaka til at vegen i det heile tatt vart bygd.

Ein Kongeleg Resolusjon frå 13. mai 1785, om postgang kvar veke mellom Bergen og Trondheim, var årsak til at ein satte i gong fleire store vegprosjekt mellom Bergen og Trondheim. Embedsmennene var einige om at posten måtte førast landevegen dersom ein skulle få ein sikker posttransport, men vegar var knapt mogeleg å finne på denne tida. Målet var å føre posten raskast mogeleg fram, så vegen vart lagd frå Stranda, over Storfjorden til Amdam, og vidare over Ørskogfjellet til Molde. "Ørschoug" er nemnd i 1774 som ulønt poststad, men vart truleg offentleg poststad først i 1785 i samband med opprettinga av ei "bipostrute" til Borgensund.

Postfrakt med robåt

Tidlegare vart posten frakta til Sunnmøre sørover over Vatneeidet i statleg regi, då det vart ansatt postbønder allereie i 1691, og det var vanleg å sende brev eller meldingar med folk som kom forbi, eller som ein kjende. Båten var den viktigaste transportforma og me kjenner til ei rekke Sunnmørsjekter som gjekk både til Bergen og Trondheim til faste tider med fisk, smør, skinn eller andre handelsvarer. I Norddalen inst i Storfjorden tok dei imot varer frå blant anna bøndene i Skjåk, som hadde laga seg ein slags veg for kløv over fjellet til Herdalen. Varene vart bytt eller kjøpt og frakta vidare utover fjorden til Trondheim. Det er mogleg at det og kom nyhende den vegen som spredte seg vidare vestover via dei ulike hamnene som jekta la til. Langs kysten gjekk det og ei rekke handelsruter mellom byane og vidare ut i Europa og resten av verda med klippfisk og tømmer.

Dei første åra vart posten mellom Ørskog og det nyoppretta postkontoret i Borgensund sendt med ein robåt med 2 mann og 4 årer. I instruksen frå 1786 heiter det at posten skulle befordrast gjennom Nørvesundet og inn Ellingsøyfjorden til Dragsundet ved Solnør gard og vidare inn Storfjorden til Ørskog ein gang per veke. Dette var ein kjent veg for fjordafolket, og den var sikrare enn å krysse den lunefulle Flisfjorden. Problemet var at det ikkje var like lett å reise denne vegen vinterstid når det fraus på eller om ein kom for seint til Dragsundet slik at det var fjøre sjø. Det var detaljerte bestemmelsar for kor lang tid det skulle ta å komme seg til Ørskog. Kom ein for seint kunne posten bli verande der i intil 8 dagar i påvente av neste postbod nordover eller sørover. Fleire gonger vart det klaga på forseinkingar i posttransporten. Var ein seint ute, kunne det vere freistande å ta att det tapte ved å ro Storfjorden, men vart veret dårleg, kunne det ende med katastrofe for både båt og mannskap.

Vegbygginga tek til

I 1809 var ein i gong med bygginga av veg frå Magerholm til Blindheim. På den måten kunne transporten verte tryggare ved at ein kunne unngå Flisfjorden og bruke hest heilt til Borgensund. Vegar vart på den tida bygd som pliktarbeid for bøndene, og det var nok ikkje noko særleg populært arbeid. Det var lite post som vart frakta den gong, for folk flest hadde ikkje råd til å betale for slikt. Vegar var helst noko som eliten i samfunnet ynskte seg, og ein finn fleire eksempel der bøndene var djupt ueinige i pålegg om vegbygging, fordi dei meinte at fjordavegen var meir enn god nok. Ei medverkande årsak til at slike vegar var lite populære, var nok arbeidsplikta det medførte. Bygdefolket vart ikkje berre pålagde å byggje vegen, dei skulle halde han i stand også. Allereie i Magnus Lagabøte si landslov frå 1274, kapittel 44, får kongens ombudsmann rett til å kreve vegarbeid på midfastetinget og påby vegarbeid "der hvor bøndene finner det heldigst at bøte paa veiene i herredet...". Veiarbeidet skulle foregå i tre perioder: fra snøen går til plogen skal ut, deretter mellom våronn og høyslåtten, og sist den tredje som begynner "naar grøden er i garden og varer til sne kommer paa taksponen". Slike lovbestemte stevner til veiarbeid fekk namnet "onnemillom", og den som ikkje møtte opp, fekk som regel bøter. Det finst óg eksempel på eitt heilt års fengsel eller tukthus, men det var ikkje vanleg praksis.

Poståpneri på Emblem

Poststaden Emblem er nemnd i eit patent i 1822 (sjå kopi i albumet). Vegen er óg nemd i 1825, då den fekk status som postveg og hovudveg. Sidan det er snakk om hovudveg, så var det truleg også mogleg å komme fram med vognredskap. Den 25. juli 1828 vart det fatta ein kongeleg resolusjon om at Magerholmvegen, som då var klassifisert som hovudveg, skulle degraderast til bygdeveg etter at den nye veglina til Nørvasundet via Brusdalen stod ferdig. Amtmann Krohg opplyste i mai 1829 Finansdepartementet om at det frå 1812 til 1829 vart bygd 50 mil bygdeveg i amtet, der dei fleste var kjøreveg, mens andre var rideveg. Når såpass mykje bygdeveg, med lågare status, vart bygd for hjulreidskap så er det truleg at hovudvegen til Magerholm óg vart bygd som køyreveg. Men dei nytta ikkje samtidas standard for slike vegar på 7 alens breidde (ca. 4,4 meter) på vanlege strekningar og kring 0,6 meter ekstra der det var myr. Dagens restar etter postvegen er i alle fall ikkje over fire meter brei. Desse måla vart nytta som påkrevde mål for hovudvegen gjennom Brusdalen nokre få år seinare. Dette gjev også hald for påstanden om at Magerholmvegen er langt eldre og i alle fall påbegynt i 1809.

Den første vegtraséen

Postvegen gjekk opp Krissenbrauta frå området som var trelastlager før nyekaia på Magerholm kom og følgde stort sett same trasé forbi Brendhaugen som dagens "gamleveg". Ved Akslagjerdet gjekk postvegen opp Akslabrauta til tunet på Aksla. Vegstubben no er gjenopna etter tomtesal og har fått namnet "Akslastubben". Frå Aksla svinga vegen mot tunet på Reiten og er framleis farbar. Vegen svingar så vestover framfor Gamlehusa og går opp på baksida av Steinsgarden, før han held fram gjennom Østremstuna, mellom stova i Mattisgarden på den eine sida og den gule tregarasja og elektrisitetsverket på den andre. Den flotte kvelvingsbrua i stein, over Storelva er truleg bygd samtidig som vegen. Bruarbeid var på denne tida sett bort til vegingeniørar og ekspertar på brubygging, i motsetning til resten av vegarbeidet. Dei fekk ikkje alltid like mykje skryt og vart tidvis beskyldt for å tenkje alt for mykje i rette linjer uten å ta hensyn til landskapet som vegen skulle leggjast i. Frå Storelva gjekk vegen skrått i retning Vesthjørnet på Ytrebø og nedanfor tunet til Solvang, bustaden til Asbjørn og Anne Lise Østrem. Vegen vidare er framleis i bruk ut til Negarden om enn meir skrått over marka framfor Negarshuset og innat på dagens veg ved det nedlagde veksthuset. Postvegen held fram forbi gamlehuset i Steffågarden, på nedsida av Auregardsløa og skrått ut mot Ystebøen, før han går vidare til Eikenosa etter vegen som i dag heiter "Hegrevegane".

Den Aalesundske hovudveg

Nyttårsafta 1799 skreiv postopnar Wind til Romsdals amt om kor kostbar og slitsom postføringa var. Han tenkte på kva staten ville spare "naar en ordentlig Postvej mellem Borgensund og Ørschoug blev anlagt". Amtmannen, Hilmar Meincke Krohg, tok opp spørsmålet om samanhengande veg frå Sjøholt til ladestaden Ålesund alt i 1817. Beslutninga om bygginga av veg frå Sjøholt til Tysseneset og frå Magerholm til Blindheim, med båtskyss mellom Tysse og Magerholmen, var truleg eit ledd i planen om å få ein slik samanhengande veg. Sommaren 1827 var amtmannen på synfaring og peika no ut to mogelege vegliner frå Tysse til Ålesund. Det eine vegforslaget gjekk gjennom Honningseterdalen til Østrem, medan det andre var å leggje vegen gjennom Brusdalen, og det var dette alternativet som vart vald til tross for at det var kortare frå Magerholm. Årsaka til valget var at vegmeistrane hadde oppdaga at Borgund-folket "ikke er synderlig vante med Veiarbeide, og mangler de fornødne arbeidredskaber...". Det hadde vore betre om kvar bonde betalte 30 skilling, slik at en kunne leige "en duelig Karl". Det endte med betaling for bøndene frå Borgund, medan Skodjebøndene ville arbeide i staden. Om det var arbeidsevne eller arbeidsviljen det stod på kan ein ikkje vite sikkert, men det er ikke heilt utenkjeleg at det var ein god porsjon av det siste óg. Frå Austlandet meldte vegmeistrar inn bønder som bøtte vegane med myrjord i staden for grus som dei vart pålagde. Oskar Kristiansen gjengir i boka si, Samfærsel i Norge 1814-1830, del av eit foredrag i Justisdepartementet i 1921:

"Rodemandskaberne i Romsdals og Nordmøre fogderier saavel i aaret 1815 som og for endel i aaret 1816 aldeles har modsat sig de av veimesteren givne ordrer og intet foretaget med de befalede utvidelse av veiene, likesom og endel har vist tumultariske optrin ved at samle sig og gaa om til flere roder for at hindre eller formaa dem til at avholde sig fra det forette det befalede veiarbeide m.m." (Ref.-prot 1821, 2 nr 713)

Arbeidsmengden i 1815 var på 12 arbeidsdager for bønder og 4 for husmenn og i slutten av 1820-åra vart det sendt ei klage frå dei arbeidspliktige i Romsdals amt, fordi dei meinte at amtmannen krevde "overdrevet meget veiarbeide og paalagde dem at opparbeide unytige veie osv.". Dei fleste vegane og råsene som bygdefolket hadde bruk for var mest truleg mellom fjorden, garden og fjellet, medan vegen gjekk heilt annleis gjennom bygda.

Tilbake til bygdevegstatus

Då regjeringa avgjorde vegsaka om "Den Aalesundske Hovudveg", valde dei altså å følge tilrådinga frå amtmannen om å bygge veg gjennom Brusdalen. I regjeringsresolusjonen av 25. juli 1828 la dei til at "...den for Tiden som Hovedvei classifiserede Vei fra Magerholm til Blindheim, naar Veianlegget om Dragsund og Nørvesund til Aalesund er tilendebragt, overgaar til Bygdevei.". Det vart truleg ikkje nokon klage frå Emblemsbygdarane på denne avgjerda. Magerholm forblei endeveg. Men Magerholm vart likevel ikkje nokon avkrok. Der fann ein tilseiingstasjon med tilbod om båtskyss med robåt til Store-Standal, Tussvika, Aure, Søvika og Sjøholt. Landgangsvoren ved Tøsse fanst framleis, og det var god kontakt mellom Glomset og Hesseberg. For brukarane på Hesseberg var både Sykkylven og Sjøholt kyrkjestad før overføringa til Borgund Herred i 1916. I gardsoga for Borgund og Giske, band II, vert det også fortalt om Anders Akselsen (1816-79) at han ei tid bodde på sjølve Magerholmen frå omlag 1855 og at han dreiv ein overnattingsplass for sjøfarande der. Han vert omtala som ein merkjeleg mann med berre eit auge, som sat oppe heile nettene å fortalde skrøner til dei losjerande. Vegen vidare til Tysse vart først fullført i 1963, når den siste vegstubben frå Heggebakk til Hesseberg stod ferdig, 138 år seinare.

Kjelder

  • Kristiansen, Oskar: Samfærsel i Norge. Utg. Cammermeyer. 1926. Digital versjonNettbiblioteket, s.77-79, 116.
  • Nettstaden Den Trondhjemske postvei, besøkt 2016.
  • Rekdal, Bjarne: "Den Aalesundske Hovedvei (Hovudvegen frå Tøsse til Ålesund), i Ålesund Museum skrift nr 5 (1975). s 41-49.
  • Standal, Ragnar: Vegar før vegar var. Utg. Hjørundfjord sogelag. 1996. Digital versjonNettbiblioteket, bd. 2, s. 53-55. (Standal har sjølv henta informasjonen frå Bjarne Rekdal i Aalesund Museum si Skrift nr. 5).
  • Tandstad, Ola: Bygdebok for Sykkylven. Sykkylven i eldre tid. Utg. Sogenemnda. Sykkylven. 1962. Digital versjonNettbiblioteket, bd. 1, s. 185.
  • Torvik, Arne Inge et al. Om samferdsel i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995. D. 2 : Samfunn og ferdsel. Utg. Møre og Romsdal fylkesbåtar. 2000. Digital versjonNettbiblioteket, s. 225-226, 239.
  • Årbok for Norsk vegmuseum. Utg. Statens vegvesen. Oslo. 2000. Digital versjonNettbiblioteket, s. 98.