Røldal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Røldal kyrkje
Røldal Kirke - no-nb digifoto 20141208 00021 NB MIT FNR 20797.jpg
Foto: Ukjent / Mittet & Co. (1963)
Sted: Røldal
Byggeår: omkr. 1250
Endringer: Ombygd og utvida 1844, restaurert 1913–1918.
Kirkesamfunn: Til 1537: Den katolske kirke
Etter 1537: Den norske kirke.
Bispedømme: Bjørgvin
Prosti: Hardanger og Voss
Prestegjeld: Odda
Fellesråd: Odda
Sokn: Røldal
Teknikk: Stavbygg
Materiale: Tømmer
Døpefont: 1200-/1300-talet, kleberstein.
Kyrkja sett frå aust.
Foto: Siri Johannessen (2015)

Røldal kyrkje er ei stavkyrkje frå omkring 1250 i Røldal i Odda kommune. Kyrkja er kjend for eit krusifiks frå 1200-tallet som har hatt ry for å vere undergjerande, og ho har derfor vore eit viktig pilegrimsmål. Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje for Røldal sokn.

Kyrkjebygget

Kyrkja blei opphavleg oppført som ei hallkyrkje med eitt skip. Kor og skip hadde same breidda. Stavane står rett på eit steinfundament, ikkje på ein grunnstokk som i dei fleste stavkyrkjer. Då ein undersøkte konstruksjonen under ombygginga i 1844 kom ein til at dette opphavleg kan ha vore stolpekyrkje, ein eldre konstruksjon enn stavkyrkjene.

Ein gong i mellomalderen blei kyrkja utvida til langkyrkje med smalare kor. Svalgangen kan ha blitt reist på same tida. På 1600-talet fekk skipet himling, og kyrkja vart malt innvendig.

I 1844 blei skipet utvida mot vest og gjort noko høgare med ei ny himlinh. Veggane fekk panel, og kyrkja vart kvitmalt innvendig. I åra 1913 il 1918 følgde ei større restauring under leiing av Jens Z. Kielland. Domenico Erdmann sto for restaurering av fargane, med hjelp frå målarane Alfred Hagn og Ulrik Hendriksen.

Under ombyggingen i 1844 ble skipet utvidet mot vest og gjort høyere med en ny himling. Veggene ble også kledd med bord både ute og inne, og kirken ble malt hvit innvendig.

Røldalskrusifikset

Sitat I kyrkja til Røldal eit bilete hekk

so mang ein sæling til frelse,
for sjuk og saare til dette gjekk
og fingo atter si helse.

Sitat
Frå «Storegut» av Aasmund Olavsson Vinje, 1866

Det 85 cm høge krusifikset frå 1200-tallet heng over koråpninga. Det blei truleg laga av ein tysk handverkar omkring same tida som kyrkja vart reist. Legenda fortel at det vart funne i ein sjø i nærleiken av ein gamal blind fiskar og ein ung gut. Dei fekk det i garnet, og klarte ikkje å dra det opp. Fiskaren meinte at om ein fann ut kva for kyrkje det ville vere i, ville det bera seg sjølv, og byrja å seie namna på kyrkjene i området. Då han sa «Røldal kyrkje» sprang korset opp i båten mest av seg sjølv. Då den gamle mannen så tørka sveitten av panna fekk han synet attende.

Det blei kjend at Røldal hadde eit undergjerande krusifiks, og pilegrimar kom frå nær og fjern for å be i kyrkja. Særleg kom dei midsommarnatt, då figuren på krusifikset skal ha sveitta på panna. Ein tørka av dråpane med linklede, og desse blei sagt å ha undergjerande verking. Nokre av lindukane finst i Bergen museum. På museet finn ein også krykker, skinner og anna som vart sett att av folk som hadde friskna til. Mange av pilegrimane gav store gåver, så soknet blei rett så velståande i mellomalderen.

Med reformasjonen blei det slutt på pilegrimsferder og helgenkult, men det var pilegrimsferder til Røldal i fleire hundre år etter reformasjonen, sjølv om biskopane la ned forbod mot det. I 1622 la Oslobispen Nils Glostrup ned forbod, og i 1644 gjorde Bjørgvinbispen Ludvig Munthe det same. I 1744 hadde ein framleis ikkje slutta med messe på midsommarnatt, og Kristiansandsbispen Jakob Kærup la då ned forbod, og ville ha krusifikset brent. Først i 1835 slutta ein med messene. Då kom prost Ole Nicolai Løberg ein dag for tidleg til ein visitas som skulle haldast 7. juli - på den tida feire ein St. Hans den 6. juli. I ellevetida på kvelden høyrde han kyrkjeklokkene, og gjekk til kyrkja der han såg at det var messe. Prosten sette foten ned, og det vart slutt på messer på midsommarnatt. Ein vet at det jamvel var pilegrimer som kom til kyrkja fram til omkring 1850.

Det skal også ha vore eit anna teikn på at korset var undergjerande som hang på veggen ei tid, nemlig eit ryggbein frå ein torsk. Historia bak dette er at to menn fiska i Røldalsvatnet, og at ein av dei sa at Røldalskyrkja ikkje meir var ei lovekyrkje enn det var torsk i Røldalsvatnet - torsk lever jo ikkje i ferskvatn. Så gjekk det ifølge soga ikkje annleis enn at han kasta ut kroken og fekk på ein torsk.

Korset er i dag den einaste overlevande kultgjenstanden frå katolsk tid i ei norsk mellomalderkyrkje; dei andre er på museum eller i katolske kyrkjer. I seinare år har Røldal kyrkjelyd stilt kyrkja til disposisjon for katolske valfartar.

Anna inventar

Døypefonten er frå 1200- eller 1300-talet, og er skåre i kleberstein.

Fleire gjenstandar og bygningsdelar frå kyrkja er i Bergen museum. Dei har mellom anna ein altarfrontal, skulptur av Olav den heilage frå omkring 1250, av Madonna med barnet frå same tid og erkeengelen Mikael frå omkring 1200.

Orgelet er bygd av tyske Paul Ott, og har ni stemmar.

Kjelder

Koordinater: 59.83086° N 6.82263° Ø