Ragnhild Sigurdsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhild Sigurdsdotter var kona til Halfdan Svarte og mor til Harald Hårfagre. Ho skal ha vore dotter av Sigurd Hjort Helgesson og Tyrne Haraldsdotter.

Ho skal ha blitt født omkring 840 på Ringerike, og døydde omkring 858, men i Heimskringla fortel Snorre at ho var omkring tjue år då ho gifta seg. Sonen Harald Hårfagre skal ho ha fått omkring 850, så det er mogleg at ho var født noko tidlegare enn 840, men alle desse årstala er høgst usikre.

Det var ein draum Ragnhild hadde som skal ha vore opphavet til sonen sitt samlingsverk. Heimskringla fortel at ho drøymde at ho stod i hagen og tok ein torn ut or serken. Medan ho såg på den voks den til ei lang tein. Ein ende slo rot i jorda, og den andre strakk seg så høg at ho ikkje kunne se toppen av treet. Den nedste delen var raud som blod, langs stammen var treet grønt og oppe i greinene var det kvitt. Det var mange store greiner, og det syntest som om dei bredde seg over heile Noreg. Draumen vart tolka dit at den grøne stammen var eit teikn på riket sin blomstring under Harald, den kvite krona tyda på at han skulle bli gamal og kvithåra og dei mange greinene tyda på at han skulle få mange born, spreidde over heile landet.

Litteratur